Fysioterapeut
Me søkjer:
Fysioterapeut for tiltreding snarast.
Stillinga er 75% fast og 25% vikariat ut året (kan bli mogleg med forlenging).
Hovudarbeidsoppgåver
- Behandling av pasientar på omsorgssenter
- Heimebehandling
- Heimevurderingar
- Kartlegging, observasjon og rådgiving
- Palliativ behandling
- Undervisning
- Hjelpemiddelformidling
- Kvardagsrehabilitering
Kvalifikasjonar
- Offentlig godkjent fysioterapeut
- Erfaring frå kommunal fysioterapi
Andre opplysningar
- Arbeidsstaden er for tida med base på Ølen omsorgssenter.
- Ein må ha eigen bil. Avdelinga har to disponible bilar, men i travle periodar må ein rekne med bruk av privat bil i jobben. Ein får godtgjering for dette.
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Personlege eigenskapar
- Engasjert, med god evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar
- Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Fleksibel og løysingsorientert
- Personlege eigenskaper vert vektlagt
Me kan tilby
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningsenter
- Bedriftskunstlag
- Gode senioravtalar
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Vindafjord kommune er IA -bedrift
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Søknad sendes
Vindafjord kommune tek berre mot elektroniske søknadar. Du kan laste opp vitnemål og attestar som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søkje.
Du kan komme med på offentleg søkjarliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering.