Pedagogisk leiar - inntil 200% fast stilling - Måseide barnehage
Måseide barnehage har ledig inntil 200% fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.08.19.
Arbeidsoppgåver
- Leie det pedagogiske og administrative arbeidet på avdelinga, ved både små- og storbarnsavdeling.
- Arbeide i tråd med barnehagen sin visjon og verdiar.
- Arbeide i tråd med Rammeplanen for barnehage, årsplan og barnehagen sine satsingsområder.
- Gi ditt bidrag for at vi saman er fagleg oppdatert og dyktige.
- Vere ein god samarbeidspartnar for personal, foreldre og eksterne samarbeidspartnarar.
Kvalifikasjonar
- Godkjent førskule/barnehagelærarutdanning eller anna 3-årig relevant høgskuleutdanning.
- God norskkunnskap, munnleg og skriftleg.
- Kunne bruke og vise interesse for digitale verktøy i arbeidet.
- Stabilitet og tilstedeværelse vil bli vektlagt.
- Det vil bli tatt omsyn til samansettinga i personalgruppa.
- Politiattest av nyare dato må framleggast ved tilsetting.
- Attestar og vitnemål skal leverast først ved eit eventuelt intervju.
Personlege Eigenskapar
- Vere fleksibel og løysingsorientert.
- Ta positivt medansvar for eigen og andre sin trivsel, og like å arbeide i team.
- Like å vere mykje ute, og vere aktiv deltakar i leik og læring saman med barn og vaksne.
- Vere ein positiv bidragsyter i endrings- og utviklingsarbeid.
- Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner.
- Kunne arbeide ved småbarns- og/eller storbarnsavdeling, alt etter barnehagen sine behov.
- Faglege og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Å arbeide tett i lag som personale med fokus på kvalitet, endring og utvikling.
- Spennande samarbeid i Sula kommune med mellom anna fokus på Læringsreisa til barna, og utviklingsarbeid.
- Godt arbeidsmiljø med høg trivsel.
- Løn etter gjeldande tariff. Frå løna blir det trekt 2% innskot til pensjonsordning.
- Gode forsikringsvilkår.
- Nærare opplysningar om stillingane - ta kontakt med styrar May Torvnes Dybvik.
Kontaktinformasjon
May Torvnes Dybvik, Einingsleiar
Arbeidsstad
Mauseidvåg
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Sula kommune
Ref. nr.:4026101286
Stillingsbrøk: 200%
Fast
Startdato: 01.08.2019
Tal på stillingar: 2
Søknadsfrist: 03.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4026101286&company_id=3062007930&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
.