Fagkonsulent
Om stillinga og arbeidsstad
Ved Senter for foreldre og barn, avdeling Stavanger er det ledig eit vikariat i 100 % stilling som fagkonsulent, frå 1. august 2021 til 31. juli 2022. Vikariatet kan bli forlenga.
Stillinga er tillagt utgreiings- og behandlingsoppgåver, som inneber erfaring og kompetanse knytta til vurdering av samspel/tilknyting mellom foreldre og barn 0-6 år, samt arbeid med handlingsplanar og sluttrapportar.
Det er hovudsakeleg familiar med stor grad av bekymring som vert søkt inn til Senter for foreldre og barn i Stavanger, noko som fordrar høg barnevernfagleg kompetanse og god vurderingsevne. Senteret er ei heildøgnsinstitusjon med dag- og seinvakter, men vi har stengt i helgane.
Kvalifikasjonar
- Krav om 3-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning som barnevernpedagog, sosionom eller vernepleiar.
- Ønskjeleg med vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng i barnevern, psykisk helsearbeid, spe- og småbarns psykiske helse, rus e.l.
- Krav om erfaring frå arbeid innan barnevern og/eller heildøgnsinstitusjon.
- Erfaring med utgreiing og observasjon av sped- og småbarn og deira foreldre opp mot samspel og tilknytning vert vektlagt.
- Erfaring med metodikk/verktøy knytta til utgreiings- og behandlingsarbeid med spe- og småbarn og deira foreldre er ein fordel.
- Ønskjeleg med rettleiingserfaring.
Personlege eigenskaper
- Du må ha god vurderingsevne.
- Du må ha evne til å oppnå gode relasjonar.
- Du må vere god til å samarbeide og jobbe i team.
- Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar.
- Du må ha evne til å arbeide målretta og systematisk.
- Du må ha god skriftleg framstillingsevne.
- Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Ein spennande arbeidsstad med kompetente kollegaer og gode faglege utviklingsmoglegheiter.
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ som kode 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog eller 1508 vernepleiar i lønnsramme 15, alt. 5-11, p.t. kr 387 900-526 000 pr. år (ltr. 40-59), eller som kode 1510 spesialutdanna barnevernpedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar eller i lønnsramme 18, alt. 5-11, p.t. kr 416 400-555 800 pr.år (ltr. 45-62) eller som kode 1496 klinisk barnevernpedagog eller 1173 klinisk sosionom i lønnsramme 18, alt. 7-11, p.t. kr 430 500-555 800 pr.år (ltr. 47-62). Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Opplysningar til deg som søker
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velge ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Region vest senter for foreldre og barn, avdeling Stavanger.
- Politiattest vert kravd framlagt ved tiltredinga, jf. Lov om barnevern § 6-10 og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
- Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført opp på søkjarlista, jf. Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova), § 25.
Kontaktpersonar for stillinga
Dagbjørg Baldursdottir, avdelingsleiar, tlf. 466 19 496.
Alfhild Skuterud, psykologspesialist, tlf. 466 19 472.
Søknad med CV vert å senda elektronisk via lenkje på denne sida.
Vitnemål samt attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju eller leggjast ved elektronisk.
Om bedriften
Om Bufetat
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat, region vest femner om fylka Vestland og Rogaland, med regionkontor som ligg i Bergen.
Region vest senter for foreldre og barn har tre institusjonsavdelingar for foreldre og barn 0-5 år i Bergen, Stavanger og Førde. Senter for foreldre og barn, avdeling Bergen/Sudmannske har 7 utgreiings- og behandlingsplassar, Stavanger har 3 utgreiingsplassar og Førde har 3 utgreiings- og behandlingsplassar. I tillegg har senteret eit PMTO-team med terapeutar i Bergen og Stavanger, som gir eit behandlingstilbod til familiar med barn som har åtferdsvanskar.
All bistand frå senteret er lovregulert i Lov om barneverntenester § 4-4, 2. ledd, og kvar kommunal barnevernteneste er innsøkande instans.