Vernepleier
Org. nr: 961 382 246 Stillingsident: 4294656009 Presentasjon av stillingen:
VERNEPLEIAR I OPPVEKSTETATEN
100% fast stilling som vernepleiar ved etat for oppvekst, kultur og integrering.
Barnehagebarna og elevane våre fortener det beste! Me søkjer etter ein fagleg sterk og engasjerte vernepleiar som brenn for barna si utvikling, læring og trivsel. Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang. Oppvekstsektoren i Vang har eit felles utviklingsprosjekt gjennom SmartOppvekst, og me er no i vårt tredje år i denne satsinga. Vert du med oss på laget?
Stillinga er ledig for snarleg tiltreding. Ein må pårekna arbeid i både barnehage og skule alt etter behov.
Arbeidsoppgåver
- Iverksette og gjennomføre tiltak i samarbeid med øvrig personal for å ivareta barn med behov for hjelp og støtte, utføre dagleg trening og gi hjelp til enkeltbarns utvikling og læring gjennom det daglege arbeidet. Synleggjera det enkelte barn sin plass og verdi i fellesskapet -- sikre inkludering
- Rettleie føresette og medarbeidarar
- Fremje eit samarbeid prega av kompetansedeling og lojalitet ovanfor barn med behov for særskilt hjelp og støtte. Iverksette og koordinere tverrfagleg samarbeid og bidra til heilskapeleg tenester for barna. Bidra til samhandling både innad i barnehage og skule, med spesialpedagogisk team og utad mot eksterne aktørar. Delta i ansvarsgruppemøte.
- Som autorisert vernepleiar skal ein kunne administrere medikament og andre helserelaterte oppgåver og prosedyrar etter behov og nærare avtale.
Kvalifikasjonar
- Bachelor i vernepleie med norsk autorisasjon
- God IKT-kompetanse
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som
- er ein relasjonsbyggar, som er varm, raus, set borna først og ser læring i leik
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
- er strukturert og endringsvillig
- har erfaring og/eller interesse for arbeid med barn innanfor autismespekteret og barn med åtferdsavvik
- har erfaring og kunnskap om alternative kommunikasjonsformar og hjelpemidlar
- har kompetanse på teikn til tale eller ynskje om dette
- har kjennskap til barnehage og skule som pedagogisk institusjon
- har kunnskap om barn med ulike funksjonsnedsettingar
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov -- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunen har personalbustadar for leige
Flyttegodgjersle etter kommunens reglement
Arbeidstid er dagtid, 7,5 timar i tidsrommet 07.00 -- 16.45.
Vang kommune nyttar nynorsk som målform.
Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt. Det stillast krav til politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Språkkrav i medhald av barnehagelova § 18 a.
Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. Ved intern tilsetting kan det oppstå behov for vernepleiar i andre kommunale institusjonar.
Kontaktinformasjon
Tommy-René Stordal, Kommunalsjef Oppvekst, kultur og integrering, 61 36 94 20
Arbeidssted
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Vang Kommune
Referansenr.:4294656009
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2020
Søknadsfrist: 25.10.2020
Om bedriften
«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.