Tannhelsesekretær
Vestland tannhelseteneste - Område Sør-Aust, har ledig tilkallingsvikariat i inntil 50% stilling som tannhelsesekretær Tenestestad er for tida ved Tysnes tannklinikk.
5696 Tysnes
Referansenr.:4548772590
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Søknadsfrist: 17.08.2022
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær. Anna relevant helsefagleg bakgrunn kan vurderast.
Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg. Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.Vi tilbyr
Stillinga vert løna i samsvar med gjeldande tariffavtale. Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2 ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Om du har bedt om unntak, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort
Kontaktinformasjon
Margareth Simonsen Råen, områdeleiar, 53409550/99021332, Margareth.Simonsen.Raen@vlfk.noArbeidsstad
Våge5696 Tysnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneReferansenr.:4548772590
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Søknadsfrist: 17.08.2022
Om bedriften
Tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar og personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved Tannhelsetenesta kompetansesenter – TkVestland, tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Tilsette i tannhelsetenesta i Vestland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).