Helsefagarbeidar 80% fast i Rus og Psykisk helse avdeling Jondal
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Ullensvang kommune har integrerte tenester for Rus og Psykisk helse. Me tilbyr tenester til personar over 18 år med psykiske plager/lidingar og/eller rusmiddelavhengigheit.
Tenesteområdet har engasjerte medarbeidarar, fagleg utfordrande oppgåver, og fokus på å finna dei beste løysingane i lag med den einskilde brukar.
Rus og Psykisk helse har ledig ein 80 % fast helsefagarbeidarstilling i todelt turnus ved vår avdeling i Jondal, deler av stillinga er pr i dag 1 til 1 kontakt med ein brukar. Arbeidet er i utgangspunktet knytt til Bufellesskapet Vik som er eit døgnbemanna bufellesskap med 6 bebuarar. Her arbeider ein flott gjeng samansett av helsefagarbeidarar, assistentar og sjukepleiarar. Me er opptatt av å tilby god kvalitet til brukarane våre og legg vekt på fagutvikling, deling av kunnskap, og kontinuerleg forbetring av tenestene.
Hovudoppgåver:
-
Miljøarbeid og oppfølging av brukarane saman med øvrig personale
-
Tverrfagleg samarbeid
-
Dokumentasjon og ajourhald i elektronisk pasientjournal, profil
-
Legemiddelhåndtering
-
Medansvar for fagleg forsvarlegheit, samt for forsvarleg forvaltning av ressursane
-
Medverke til kvalitetsutvikling, helse, miljø og tryggleik
-
Medverke til godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
-
Autorisasjon som helsefagarbeidar (andre med relevant erfaring kan òg søke)
-
Vidareutdanning i psykisk helse er ynskjeleg
-
Gode norskkunnskapar skriftleg og muntleg
-
Førarkort klasse B er ein fordel
-
Du må leggje fram gyldig politiattest
Personlege eigenskapar:
-
Fleksibel og engasjert
-
Godt humør og positiv innstilling
-
God samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig
-
Evne til god kommunikasjon, vere reflektert og å kunna skapa gode relasjonar til brukarane og pårørande
-
Evne til å behalde ro i utfordrande situasjonar
-
Evne til å tenkje nytt og å vere kreativ
-
Personlege eigenskapar blir vektlagt
Me tilbyr:
-
Triveleg arbeidsmiljø med flotte kollegaer
-
Internundervisning og fagleg påfyll
-
Fadderordning for nytilsette
-
Spennande og utfordrande arbeid
-
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Lønnsvilkår: Etter HTA
For meir informasjon om stillingen ta kontakt med:
Avdelingsleiar Synnøve Eiken tlf 976 30 094
e-post: synnove.eiken@ullensvang.kommune.no
Verksemdleiar Synnøva Sæbø tlf 907 19 488
e-post: synnova.sebo@ullensvang.kommune.no
Søknadsfrist 15.06.2020 Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Synnøve Eiken, Mobil +47 97630094, Epost: synnove.eiken@ullensvang.kommune.no
Om bedriften
- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?