Sjukepleiar 80% fast stilling
Org. nr: - Stillingsident: 4198579796 Presentasjon av stillingen:
Stillinga er for tida lagt til Sulatunet, langtidsavdelinga.Avdelinga er eit bu- og behandlingstilbod til mennesker, der kommunen sine øvrige pleie- og omsorgstenester ikkje kan gi tilstrekkeleg hjelp i eigen heim.
Avdelinga har 28 bebuarar, fordelt på 2 etg. Det er felles rapport i dei to etg. Den som blir tilsett må rekne med å arbeide i begge etasjene, dersom det er nødvendig for drifta.
Avdelinga har flinke fagfolk og utfordrande arbeidsoppgåver.
Bukollektiva har fellesareal, personalbase og heildøgns omsorgstilbod. Avdelinga nyttar velferdsteknologi. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Bebuarane får tildelt hjelp etter individuell vurdering.
Arbeidsoppgåver
Sjukepleieroppgåver som for eksempel praktisk hjelp, medisinering, palliasjon, aktivitetar, årskontrollar
Samarbeid med andre faggrupper og pårørande
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter ein autorisert sjukepleiar.
- Krav om politiattest for stillinga.
Utdanningsnivå
- Høgskule/Universitet
Personlege eigenskapar
- For utan gode faglege kunnskapar ser vi etter fleksible, stabile, pålitelege medarbeidarar som samarbeidar godt og har evne til å arbeide sjølvstendig. Arbeidet kan til tider vere tungt fysisk og den som blir tilsett må ha helse til å kunne utføre arbeidet i avdelinga. Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg er ein føresetnad. Personlege eigenskapar vert og sterkt vektlagd.
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning.
- Todelt turnus med arbeid 3.kvar helg
Kontaktinformasjon
Line Østrem Bjørnevik, Avdelingsleiar, 70198225, line.bjornevik@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Stadsnesvegen 23
6030 Langevåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Sula kommune
Referansenr.:4198579796
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2020
Om bedriften
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9300 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Med eit areal på 59 km² er Sula ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket. Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv.