HR-leiar/HR-rådgjevar
Org. nr: 987601787 Stillingsident: 4279153693 Presentasjon av stillingen:
Helse Vest IKT er eit av dei største IKT-selskapa på Vestlandet, og legg stoltheit i å ha korte tenestevegar, godt arbeidsmiljø og høgt kvalifiserte medarbeidarar. Selskapet er i vekst, og treng å styrke HR-området. Vi har ledig stilling som HR-leiar/HR-rådgjevar for snarleg tilsetjing. Stillinga vil vere ein viktig ressurs for leiinga i selskapet.
Ansvarsområde vil vere HR, med særleg vekt på å bidra til organisasjons- leiar-, og kompetanseutvikling, samt arbeid med bemanning- og rekrutteringsstrategi. Stillinga vil også vere sentral i arbeidet med generell leiarstøtte innanfor personalområdet.
Det er viktig for oss at du har god innsikt i HR, er opptatt av service, har godt humør, evne til å lytte, og trivst i ein organisasjon i endring. Verksemda er i ferd med å oppdatere strategi og forretningsplan, noko som kan gje endringar i organisering.
Helse Vest IKT har lokaler i Bergen, Haugesund, Førde og Stavanger, slik at arbeidsstad vil kunne vere ein av desse.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til utvikling av leiarroller og leiarar
- Støtte til organiasjonsutvikling
- Kompetanse- og bemanningsplanlegging
- Koordinering og støtte til rekruttering og onboarding
- Bistand i forbetring- og endringsarbeid
- Samhandling med tillitsvalde og fagforeningar
- Samhandling med føretaka i Helse Vest
Kvalifikasjonar
- Utdanning på bachelor/masternivå
- Røynsle frå HR-arbeid
- Røynsle frå ein kunnskapsorganisasjon
- God kunnskap om relevante lov-, avtale- og regelverk
- Røynsle frå bruk av relevante IKT-verktøy
Personlege eigenskapar
- Du blir sett på som serviceinnstilt og imøtekommande
- Du er sjølvstendig og initiativrik
- Ditt arbeid er strukturert og nøyaktig
- Du er god til å lytte og kommunisere
Vi tilbyr
- Gode høve til fagleg og personlig utvikling
- Motiverte og kunnskapsrike kolleger
- Godt sosialt miljø
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
Kontaktinformasjon
Erik M. Hansen, Adm. dir, 93 23 04 22
Leif Nordland, Økonomisjef, 90 66 26 30
Arbeidsstad
Ibsensgate 104
5053 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Vest IKT
Referansenr.:4279153693
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.10.2020
Om bedriften
Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag ca 600 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren, og skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.