Miljøterapeut i langvakt-døgn turnus - Eining for habilitering/rehabilitering
Habilitering rehabilitering, Stranda kommune
Kyrkjegata 13, 6200 Stranda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut Hab/rehab
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 8. august
Eining for habilitering/ rehabilitering yter miljøterapeutiske tenester til personar med samansette behov. Målet med all habilitering/ rehabilitering er at tenestemottakaren skal oppnå el. vedlikehalde eit best mogleg funksjons- el. meistringsnivå. Eininga består av 4 bufellesskap, Langlobøen aktivitetssenter og koordinerande eining.
I heildøgnbustad har vi ledig :
Turnusarbeid, for tiden langvakt-døgn turnus (2-7-2-7-3-7)
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar,herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsettmå framvise politiattest av nyare dato.
Kvifor velge oss
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer
- Ein arbeidsplass under endring og utvikling
- Vi vektlegg tryggleik, trivsel og høg kvalitet i tenestetilbodet.
- Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad.
- Internopplæring og faste fagmøter.
- Færre oppmøtedagar og mykje samanhengande fri, i forhold til turnus.
- I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg
- Tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Kvalifikasjonar
- Krav om bachelor innanfor helse - og sosialfagleg høgskule/universitetsutdanning.
- Vidareutdanning i rus og psykiatri er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
- Erfaring frå arbeid med målgruppa er ønskjeleg.
- Ein må kunne jobbe sjølvstendig, samt ha gode evner til samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar.
- Gode norsk kunnskapar, munnleg og skriftleg er eit krav.
- Førarkort kl. B.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av helsetenester og samarbeid med andre instansar.
- Miljøterapeutiske tenester til brukarar med samansette behov
- Utarbeiding og oppfølging av mål og tiltaksplanar for den enkelte brukar
- Sikre kvalitet i tenesteytinga
- Ha evne til å styrke brukarane si mestringsevne
- Sakshandsaming
- Legemiddelhandtering i samsvar med lovverk og interne rutinar
- Eininga nyttar fagsystema Profil, Compilo og SamPro
- Delta aktivt i fagutvikling i eininga
Personlege eigenskapar
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Du er samarbeidsvillig og opptatt av faglig utvikling.
- Du er fleksibel og handterar at arbeidsdagen er uforutsigbar
- Du har fokus på kvalitetsarbeid og utvikling av gode tenester
- Omgjengeleg og serviceinnstilt
- Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetting
- Du er ein god rollemodell
Kontaktinformasjon
Espen furset, Fagleiar, 46411075Stine Fjørstad, Fagleiar, 93474099
Helene Rimstad, Einingsleiar, +47 46411059
Arbeidsstad
Kyrkjegata 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4991556737
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Espen furset
Fagleiar
46411075
Stine Fjørstad
Fagleiar
93474099
Helene Rimstad
Einingsleiar
+47 46411059
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 1500,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5f233602-a47d-4977-ade9-921bdb3e636b
- Hentet fra
talentech
- Referanse
09d886e7f53d474cb05e0c206aef54b2