Lærarvikar 100% Tokke skule
Oppvekst, Tokke kommune
Storvegen 211, 3880 Dalen
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærarvikar 100% Tokke skule
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Vakt, dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. Kommunen har mange mindre matprodusentar som i stor grad nyttar utmarksbeite i våre flotte fjell- og heiområder.
Tokke skule har ledig 100% vikariat som lærar frå 01.01.26 til 31.07.26.
Tokke skule er ein 1-10 skule med 160 elevar og om lag 23 årsverk for pedagogisk personale.
På skulen arbeider vi kontinuerlig med å skape best mogleg lærings – og utviklingsmiljø der elevane skal oppleve meistring og tryggleik. For å få til dette er vi oppteken av klasseleiing med tydelege vaksne, gode relasjonar, samt fokus på tidleg innsats og tilpassa undervisning.
Tokke skule har uteskule annan kvar fredag for 1. til 7. klasse.
Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt, no nyttar ein to timar kvar veke av den bundne tida til fagutvikling.
Det er er særskilt ynskje om undervisningskompetanse i: Norsk og Kunst og handverk , men andre kan også søke.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre undervisning frå 5. til 10. trinn.
- Samarbeide med kollegaer i høve fagleg utviklingsarbeid
- Skule - heim samarbeid
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Være engasjert, fleksibel, reflektert, sjølvstendig og tydeleg
- Fokus på god og tydeleg klasseleiing
- Ha evne til å sjå positivt på nye utfordringer
Vi tilbyr
- Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
- Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar
- Eit godt arbeidsmiljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Blir det fleire ledige stillingar fram til nytt skuleår, vil ein nytte same søkjarliste.
Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no
Kontaktinformasjon
Mona Seltveit, Rektor Tokke skule, 916 99 148, mona.seltveit@tokke.kommune.noArbeidsstad
Storvegen 2113880 Dalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tokke kommuneReferansenr.: 5041799976
Søknadsfrist: 30.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5f1c5895-370c-4325-8eb7-5f584808ba28
- Sist endret
14. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ca93f5f21452450ca8c7ceeca10fdd63
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Åmot skule, Vinje kommune
Sted
Vinje
Arbeidsgiver
Åmot skule, Vinje kommune
Sted
Vinje
Arbeidsgiver
Kviteseid Skule
Sted
Kviteseid, Telemark