Ungdomslos
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Oppvekst har om lag lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule,, privat barneskule, private barnehagar, PP-tenesta, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule, kultur og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Austevoll kommune har ledig stilling som UngdomsLos, 3-årig prosjektstilling
Er du ein som kan utgjera ein forskjell for unge som vegrar seg for å gå på skulen?
Austevoll kommune har motteke tilskott frå Bufdir og startar hausten 2021 ein treårig prosjektperiode med sikte på å redusera fråfall i skulen. UngdomsLos skal vera eit tilgjengeleg og fleksibelt tilbod til elevar som står utafor, eller står i fare for å hamna utafor skule og opplæring. Målet er å styrka skuletilknytning, auka skulenærværet, trivsel og meistring.
Stillinga er 100%, engasjement, og vert organisert under fagområdet PPT.
Du kan finna informasjon om LOS-funksjonen ved å gå inn på bufdir.no
Arbeidsstad Austevoll kommune/PPT
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Individuell oppfølging av unge og familiar
- Nært samarbeid med skule
- Råd og rettleiing til aktuelle samarbeidspartar
- Bidra ved gjennomføring av ulike gruppetilbod
Kvalifikasjonar
- Høgskuleutdanning på bachelornivå innan pedagogikk, helse-/sosialfagleg eller tilsvarande
- Vidareutdanning innan familiearbeid, psykisk helse eller tilsvarande
- Erfaring frå ungdoms- og familiearbeid
- God kjennskap til skuleverket og dei ulike kommunale tenestene
- Ha førarkort og disponera bil
- Bruka fleksitidsordninga til det beste for dei unge og familiane ved å tilpassa arbeidstid mellom kl 07.30 -- 18.00
Personlege eigenskapar:
- Du er tydeleg og kommuniserer godt og respektfullt med dei unge og familiane deira
- Du samarbeider godt med unge og likar å vera saman med dei
- Du er dyktig til å koordinera og leggja til rette for samhandling på tvers av tenestene
- Du er trygg på møteleiing, fagleg trygg og sjølvstendig
- Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Du har godt humør og pågongsmot
Det vil bli lagt stor vekt på at du er personleg eigna til stillinga.
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit fagmiljø i utvikling
- Spanande utfordringar
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Ann-Rita Kolbeinsvik, Tlf: +47 55081212, Mobil +47 41439790
Om bedriften
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 250 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!