Sjukepleiar, vik i 100% st, Lesja legekontor
Stillingsannonsen er inaktiv.Lesja kommune (helse/rehabilitering, Lesja legekontor)
Jakup B. Klukstadsveg 32, 2665 Lesja
Vikariatet varer i eitt år frå 01.06.20. Det er dagarbeidstid (kl 08:00-15:30, mån-fre). Lesja legekontor har to fastlegeheimlar og LIS-lege (turnuslege), kreftsjukepleiar, sjukepleiar og helsesekretærar.
Det er tett samarbeid med legane og dei andre helsetenestene.
Arbeidsoppgåver:
· Ansvar for laboratorium og skadestue
· Løpande kontakt med pasientar/publikum
· Assistere legane når det er behov
Vi ønsker søkjarar som:
· er utdanna sjukepleiar og har norsk autorisasjon
· evne til å arbeide tverrfagleg
· kan jobbe sjølvstendig
· har gode samarbeidsevner
Det er ønskeleg at søkjarane har erfaring frå laboratoriearbeid og frå akuttmedisin.
Det er legevakt mellom kl 08:00-16:00, så det er fordel med relevante akuttkurs.
Vi tilbyr:
· ein interessant jobb i eit godt arbeidsmiljø
· gode pensjons- og forsikringsordningar
· lønn etter avtale
Personleg skikkaheit vil bli vektlagt ved tilsettinga.
Tilfredsstillande politiattest (begrensa) må leggast fram før oppstart i stillinga, jf Helse- og omsorgstjenesteloven §5-4.
Nærare info: Leiar for helse- og rehabiliteringsavd, Marita Aaheim, tlf 947 91 575
Søknad sender du til: Lesja kommune, innan 18.03.2020
Ver vennleg å sende søknad elektronisk via www.lesja.kommune.no, link til ledige stillingar. Søknad som ikkje er sendt elektronisk via vårt søknadsskjema, blir ikkje tatt i betraktning.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli oppført på søkjarlista (jf Offl §25). Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette.
Evt søknadspapir blir ikkje returnert.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Lesja kommune (helse/rehabilitering, Lesja legekontor)
Adresse
Lesja, 2665 Lesja
Hjemmeside
Legekontoret ligg organisatorisk under helse- og rehabiliteringsavd og er pr i dag fysisk plassert i Lesja kommunehus i tilknytning til helsestasjon og psykisk helse.
Det er bygd nytt helsehus som også inneheld sjukeheim heimesjukeplei og fysio-/ergoterapi.
Første byggetrinn var ferdig i des 2019. Andre byggetrinn blir ferdig hausten 2020, og legekontor, helsestasjon og psykisk helse, flytter da inn i helsehuset.
Om stillingen
Stillingstittel
Sjukepleiar
Antall stillinger
1
Oppstart
1. juni 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 19. mars 2020
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: 5ea5ae91-6d06-475d-97ef-5d21fb8b97b1
Stillingsnummer: 5ea5ae91-6d06-475d-97ef-5d21fb8b97b1