ID 1791 3 årsverk for personar med helsefagleg utdanning - Stord sjukeheim
Stillingsannonsen er inaktiv.Stord kommune
Stord
Stord sjukeheim har ledig inntil 3 årsverk fast stilling for personar med helsefagleg utdanning, knytt til fast vikarstab. Stillingane har turnus med arbeid på dag/kveld og arbeid kvar andre eller kvar tredje helg.
Stord sjukeheim har 103 pasientar fordelt på 6 avdelingar. Vi har både somatiske avdelingar og avdelingar tilrettelagd for personar med demens og for personar med psykiske lidingar, i tillegg til ei korttidsavdeling. Vi har og ein stab med fast tilsette som dekker opp for fråvær i dei ulike avdelingane. Dei ledige stillingane er i denne faste vikarstaben. Tilsette her har ein fast turnus slik at dei veit når dei skal på arbeid og så vil det variere kva avdeling ein skal arbeide på, etter behov på sjukeheimen.
Vi ynskjer å knytte til oss nye tilsette som lik variasjon i arbeidet og kan trivast med å arbeide med ulike pasientar på forskjellige avdelingar. Det er ein fordel med erfaring frå eldreomsorgen.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar. Andre med relevantutdanning eller realkompetanse kan bli vurdert.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingssjukepleiar Marianne Leth Lups, tlf 53 45 43 73 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 97 55 20 97.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stord kommune
Adresse
Lønningsåsen 1, 5417 Stord
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Om stillingen
Stillingstittel
Sjukepleiar, Vernepleiar, Helsefagarbeidar, m.fl.
Antall stillinger
3
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager, Lørdag, Søndag
Arbeidstid
Dagtid, Kveld
Arbeidstidsordning
Turnus
Sist endret: 31. januar 2022
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: 5e9ba9f8-bb68-411b-89ef-d51831d14a83
Stillingsnummer: 5e9ba9f8-bb68-411b-89ef-d51831d14a83