Formidler / museumspedagog
Stillingsannonsen er inaktiv.Museumssenteret i Hordaland
Sletta , 5939 Sletta
Om stillingen
Vestnorsk Utvandiringssenteret er eit av musea i MUHO (Museumssenteret i Hordaland).
På Utvandringssenteret får publikum lære om korleis det var for norske emigrantar som innvandra til Amerika, samstundes som vi trekk parallellar til kulturmøte i vår tid. Med utgangspunkt i bygningar flytta frå Amerika formidlar vi korleis kulturar vandrar og menneske møtast. Arbeidsinnvandrarar, flyktningar og andre innvandrarar som kjem til vårt land, har med seg delar av sin kultur og tilpassar seg vårt samfunn.
Som museum skal vi også være ein samfunnsaktør og tilstades for lokalbefolkninga og i regionen.
Vi skal styrke det faglige fokuset i avdelinga med vekt på migrasjon, mangfold og inkludering, og har no ledig ei 50% fast stilling som formidlar/museumspedagog, med fagleg ansvar.
Det er eit mål å auke kapasitet og breidde i formidling til skular og anna publikum, og dessutan nå fram til nye publikumsgrupper.
Dette er stillinga for deg som vil bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø i ei liten avdeling med mange, spennande og utfordrande oppgåver. Vi ønsker å auke stillingsprosenten over tid.
Arbeidsoppgåver
- Utarbeide og gjennomføre undervisningstilbod til skuleklassar på fleire trinn. Både praktiske, teoretiske og digitale tilbod.
- Utstillingsarbeid med fagleg innhald, både internt og i samarbeid med eksterne aktørar.
- Utvikle og utføre andre fagrelaterte aktivitetar, foredrag, artiklar mm.
- Fagleg fokus på migrasjon i dag, og kulturmøter i Norge i moderne tid.
- PRIMUS-registrering og dokumentasjon av samlingar og arkiv (gjenstandar, foto, dokument og intervju).
- Omvising og praktisk gjennomføring av aktivitetar og arrangement.
- Tett samarbeid om oppgåver med avdelingsleiar.
Kvalifikasjonskrav
Vi søker deg som er har gode og relevante fagkunnskapar, og som evner å nytte desse i formidlinga. Du er flink til å sette kunnskapen inn i relevante og aktuelle sammenhengar, og bidra til refleksjon og lærdom.
Du er ein inspirerande formidler som kan engasjere publikum. Du møtar ulike grupper publikum på ein god måte, tilpasser formidlinga til deira nivå, både skriftleg, visuelt og munnleg .
Din forståing for våre tematiske og historiske fokusområder er grunnleggande god, og du søkjer aktivt ny lærdom.
Du ser mogelegheiter og fremjer ideer, og er fleksibel, kreativ og løysingsorientert. Du har handlekraft og god gjennomføringsevne, og er nysgjerrig og villig til å prøve noko nytt.
Du har:
- Mastergrad innan samfunnsfagleg eller kulturvitenskapleg fagfelt.
- For særleg relevant erfaring kan kravet om mastergrad fravikast.
- Relevant arbeidserfaring innan kulturhistorisk eller samfunnsvitenskapeleg fagfelt.
- Annan relevant arbeidserfaring, for eksempel frå museum eller skuleverket, er ein fordel.
- Kulturhistorisk/kulturvitenskapeleg kunnskap og kompetanse.
- Kjennskap til, og gjerne erfaring med arbeid med kulturelle, religiøse, etniske eller andre minoritetar.
Du har gode munnlege og skriftlege evner i norsk og engelsk.
Du har god digital kompetanse og forståing, og evner å lære nye verktøy og metoder. Dersom du har kjennskap til Primus er det ein fordel.
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein spennande og utfordrende jobb på eit unikt museum, med godt arbeidsmiljø og varierte oppgåver.
- 50% fast stilling. Med tida er det eit mål å auke stillingsprosenten.
- Lønn etter avtale/tariff
Våre verdiar er likeverd, openheit, kompetanse og engasjement, og vi søkjer deg som kan identifisere deg med desse verdiane.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Museumssenteret i Hordaland
Adresse
Salhusvegen 201, 5107 Salhus
Hjemmeside
Om MUHO
MUHO er eit museum for levande kultur-, natur- og industriarv, og eit kompetansemiljø for konservering og bygningsvern i Vestland. Du finn oss i:
- Salhus, Bergen: Tekstilindustrimuseet, Bevaringstenestene og Kulturverntenesta i Nordhordland
- Osterøy: Osterøy museum og Havrå
- Alver: Lyngheisenteret og Vestnorsk utvandringssenter
MUHO utfører aktiv bevaring og levande formidling: vi fortel ikkje berre ei historie, men brukar kunnskap om teknikkar og prosessar til vise, lære bort og utføre arbeid slik det tradisjonelt blei gjort innan handverk, industri og gardsdrift. Gjennom autentiske kulturmiljø og landskap i Nordhordland og Bergen trekkjer vi linjer frå fortida til utfordringar i verda i dag. MUHO har eit unikt kompetansemiljø som gir råd om bevaring av bygg og samlingar, og utfører konservering av ulike materialar.
Les gjerne meir på heimesida vår: muho.no
Om stillingen
Stillingstittel
Formidler/museumspedagog
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Deltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 20. januar 2021
Hentet fra: jobbnorge
Referanse: 10015222
Stillingsnummer: 5e65d479-9bea-4418-86f8-1f78c3915fc5