Fastlegeheimel ved Myrvåg legesenter
Vi har ledig ein fastlegeheimel ved Myrvåg legesenter frå dags dato. Det er ikkje knytt kostnad til overtaking av heimelen.
Den ledige heimelen har eit listetak på 800 og der er pr. i dag 779 listepasientar.
Du kan velge mellom næringsdrift med gunstig leigeavtale (8.2-avtale) eller fastlønsavtale med aktivitetsbasert tilleggsløn (incentiv).
Du kan få ALIS-avtale der det vert lagt godt til rette for å bli spesialist i allmennmedisin. Her kan du også velge mellom næringsdrift og fast løn.
Ved Myrvåg legesenter er det fire fastlegeheimlar og stilling for ein LIS1-lege. Herøy kommune har i tillegg til Myrvåg legesenter, to legekontor: Gruppepraksis ved Herøy legesenter (sju fastlegeheimlar og ei stilling for Lis1-lege) og solopraksis ved Fosnavåg helsehus.
Herøy kommune vedtok ny plan for legetenesta i juni -2021. Basert på denne jobbar kommunen planmessig med rekruttering og stabilitet i fastlegetenesta, og har sidan sommaren 2021 tilsett fire nye fastlegar. Kommunen legg vekt på å skape gode faglege og sosiale kollegium ved det enkelte legekontor og i legetenesta samla sett. Vi tilpassar listelengder til rett nivå for at du som fastlege skal ha ein god arbeidskvardag.
Planen er viktig for å utvikle ei legeteneste med høg fagleg standard og godt kollegialt miljø. Du finn den vedtekne planen her: https://www.heroy.kommune.no/_f/p36/ib50c52c9-55f7-44ef-b5a6-be91c27db86a/legeplan-retta-versjon.pdf
Kommunen er med i interkommunal legevakt ved Søre Sunnmøre legevakt i Hovdebygda. Det er om lag 40 legar som deler på vaktene. På kveld og dagtid helg er det alltid to legar på vakt. Legevakta har legebil bemanna med ambulansearbeidar
Volda sjukehus er lokalsjukehuset vårt og ligg 30 km frå Myrvåg legesenter og 9 km frå legevakta i Hovdebygda.
Om du ønskjer å prøve deg som fastlege og ønskjer å starte med vikariat, kan du også søkje.
Arbeidsoppgåver
Vanlege fastlegeoppgåver.
Du må kunne ta ansvar for rettleiing og/eller supervisjon av LIS-legar (LIS1 og ALIS), dersom du har kvalifikasjonane til dette
Det er pr. i dag ikkje knytt kommunale allmennlegeoppgåver til heimelen. Dette kan bli aktuelt, og det kan også vere ei moglegheit for dei som ønskjer det. Kommunen har eiga stilling for sjukeheimslege der det for tida er vikar. I tillegg har ein av fastlegane 20 % sjukeheimslegestilling
Kvalifikasjonar
- Du må oppfylle vilkåra i Forskrift om kompetansekrav for leger
- Du må gjerne vere spesialist i allmennmedisin, eller vere i slik spesialisering
- Det er ein fordel at du har erfaring som fastlege, men ikkje eit krav
- Du må ønskje å bidra til å byggje opp eit fagleg, kollegialt fellesskap både på eige legesenter og i legetenesta i kommunen
Godkjent politiattest av nyare dato (ikkje eldre enn 3 mnd.) må leggjast fram før oppstart
Du må ha sertifikat klasse B og disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
- Du likar eller har ønskje om å vere fastlege
- Det er naturleg for deg å møte innbyggjarane som einskildindivid slik du sjølv ønskjer å bli møtt når du er sjuk og treng legehjelp
- Du samarbeider godt med andre
- Du ønskjer å vere ein del av eit større kollegium som stiller opp for og støttar kvarandre, og som saman utviklar legetenesta i kommunen
- Du ser viktigheita av å samarbeide med andre tenester og deltek i samarbeid for å gi samla og koordinerte tenester for pasientar som treng det
- du har godt og jamt humør, og du er fleksibel
- du må ha god evne til å bruke norsk både skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- Du får velge mellom næringsdrift eller konkurransedyktig fast løn
- Gode lokale/utstyr
- Hjelpepersonell med lang erfaring
- Framtidsretta og godt organisert legevakt med om lag 35-delt vakt, som gir vakt om lag kvar 12. døgn fordelt på kveldsvakt, dagvakt, helge- og nattevakter
- Vi vil legge til rette for at spesialisering i allmennmedisin kan gjennomførast
- ALIS-avtalar for dei som er i ny spesialistordning
- 8.2-avtalar (jf. SFS 2305) der kommunen dekkjer ein del av kostnadane
Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Runa Bakke, Avdelingsleiar, 91621147Arbeidsstad
Eggesbøvegen 116092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4482831096
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.02.2023
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Saman med kommunane Ulstein, Hareid, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda utgjer vi 50.000 innbyggjarar. Herøy kommune har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Arbeidsmarknaden er stor og variert, der dei maritime næringane har lange tradisjonar. Regionen har også anna industri og offentlege arbeidsplassar som sjukehus og høgskular. Herøy kommune er særleg kjend for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Med kort veg til fjell og fjøre, gjev dette eit naturleg grunnlag for aktivitetar både på sjø og land. Vi har eit breitt kultur-, fritid- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!