Konsulent til regionalt EPJ fagsenter
Org. nr: - Stillingsident: 4297341488 Presentasjon av stillingen:
Regionalt EPJ fagsenter i Helse Vest IKT skal bidra til felles forvalting av helseregionen sine journalsystem og kliniske
løysingar. Det er store pågåande prosjekt i regionen, både for innføring av
elektronisk kurvesystem, felles radiologisystem, samt oppdatering til neste
generasjon av journalsystemet DIPS.
Forvalting av etablerte løysingar og innføring
av nye, stiller krav til både felles opplæring, lik bruk og felles dagleg
forvalting av system og rutinar.
Vi søker etter ein medarbeidarar som vil ta del
i den faglege forvaltinga og vidareutvikling av desse viktige løysingane . Om du
har interesse og erfaring med å utvikle og forbetre dei kliniske arbeidsprosessane
og god kjennskap til bruk av eitt eller fleire av EPJ-system i sjukehusa, kan
du vera den rette kandidaten i den regionale fovaltingseininga i Helse Vest
IKT.
Vi ynskjer at du har god kjennskap til kliniske prosessar og kjerneverksemda i sjukehus, slik at du kan fungere som eit godt bindeledd mellom dei helsefaglege og tekniske miljøa. Du trivst gjerne i rolla som aktiv problemløysar for å forbetre og tilrettelegge systema, og du ynskjer å bidra i opplæringsaktiviteter som skal sikre effektiv og sikker bruk av systema.
Skildre i søknaden kva for oppgåver du har erfaring med, og kva du kan bidra med for å kunne bygge opp dette regionale EPJ fagsenteret vidare.
Arbeidsstad: Stavanger eller Bergen
Arbeidsoppgåver
- Opplæring av brukarar for å sikre gode og effektive arbeidsprosessar på tvers av ulike IKT-system
- Ansvar for ulike forvaltingsoppgåver til regionen sine ulike EPJ-system
- Fungere som kontaktpunkt til ulike brukermiljø i sjukehusa
- Konfigurasjon og oppsett i ulike IKT-system
- Utvikle, revidere og kvalitetssikre felles rutiner og prosedyrer på EPJ-området
- Sakshandsaming og utvikling av god dokumentasjon
- Bidra i testing av nye og etablerte system
- Bidra i utviklings- og innføringsprosjekt lokalt, regionalt og nasjonalt
Kvalifikasjonar
- Erfaring og interesse for å undervise og/eller rettleie andre i bruk av IT løysningar.
- Erfaring med bruk og innføring av journalsystem og andre kliniske løysingar, gjerne som sjukepleiar eller andre kliniske roller
- Relevant universitets-/høgskuleutdanning med fordjuping innan IKT og/eller helsefag
- Kjennskap til journaldokumentasjon og helsesektoren er ein føresetnad
- Erfaring med forvalting av IKT system og elles god systemforståing tel positivt
Utdanningsretning
- IKT-fag
- Helsefag
- Administrasjon/organisasjon/leiing
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, Cand.mag / SIV
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Evne til å jobbe i tverrfaglege team
- Strukturert, systematisk og med fokus på kvalitet
- Vilje og evne til omstilling og endring
Vi tilbyr
- Du får medverke til å forme IKT--løysingar for eit helsevesen i framtida
- Deltaking i spanande oppgåver innan lokale, regionale og nasjonale prosjekt
- Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert fleksitid
- Løn etter avtale
- Medlemsskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Johan Sulen Lindtner, Seksjonsleiar, (+47) 92603766
Arbeidsstad
Gartnerveien 4
4016 Stavanger
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Vest IKT
Referansenr.:4297341488
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2020