Fast helgestilling som assistent
Org. nr: 1026883039 Stillingsident: 4436857504 Presentasjon av stillingen:
Ønsker du ein spennande jobb som assistent/helgevakt innan psykisk helsevern?
Seksjon rehabilitering døgn ved Øyane DPS, er lokalisert til Straume i Fjell kommune, ca. 15 min. køyring frå Bergen sentrum. Øyane distriktspsykiatriske senter (DPS) tilbyr spesialisthelsetenester til innbyggarane over 18 år som bur i kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Øyane DPS tar i mot pasientar akutt og etter avtale. Tenestene ved Øyane DPS er organisert som ambulant verksemd, poliklinikk, dagavdeling og døgntilbod.
Seksjon Rehabilitering døgn, som er en psykosepost, har 6 korttidsplassar og 2 treningshyblar for noko lengre tids rehabilitering. Vi vil ha fokus på relasjonsbehandling i kombinasjon med målretta miljøterapi. Fysisk aktivitet vil vere ein viktig del av rehabiliteringa.
Vi har ledig fast helgestilling med arbeid pt. 3 kvar helg. Vi søker etter ein helgevakt som tåler å stå i ein krevande situasjon, er positive, kreative, likar å arbeide med menneske og som er opptatt av å gje god kvalitet i pasientarbeidet. Grunna lite kollektivtilbod til Straume på morgonen i helgane ønsker vi at den som blir tilsett disponerer bil eller bur på Sotra.
Arbeidsoppgåver
- Som helgevakt skal du ha ulike oppgåver. Kva oppgåver ein har er avhengig av kva kompetanse du har. Aktuelle oppgåver kan vere praktiske gjeremål, oppfølging av pasientar, ein-til-ein kontakt med pasientar og støttesamtalar, rapportskriving og aktivitetar i form av tur/trening
- Det blir forventa at du følger dei ulike miljøterapeutiske tiltak som er iverksatt for den einskilde pasient
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med erfaring frå arbeid med psykiatriske pasientar
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Engasjert
- Tålmodig
- Samarbeidsvillig
- Like varierte utfordringar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Contacts
Charlotte Tsioutsioulis, Ass. seksjonsleiar, 56326668
Asta Karin Johnsen Kyrkjeeide, Seksjonsleiar, 56326669
Location
Blombakkane 75
5353 Straume
Apply for position:Click here
Key information:
Employer:Helse Bergen
Reference number:4436857504
Percentage of full-time: 18%
Fast
Application deadline: 18.10.2021
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.