Spesialsjukepleiar/ sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4390464858 Presentasjon av stillingen:
Vi treng fleire engasjerte sjukepleiarar med på laget!
Vi har no ledig 1 x 100 % fast stilling, samt 3 x 100 % vikariat med lengde på eit år med moglegheit for forlenging. Oppstart 1.september. Dersom intern søkjar på fast stilling, vil det kunne bli ledig enda eit vikariat.
Som sjukepleiar på intensiv i Molde, blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, medisinarar, kirurgar, fysioterapeutar, logoped og KEF. Sjølv om du ikkje vidareutdanning i intensivsjukepleie, vil vi likevel oppfordre deg til å søkje hjå oss. Vi set fag i fokus, og god opplæring vert prioritert. Dersom du trivst hjå oss, har du kanskje lyst til å ta vidareutdanning etter kvart. Då har Helse Møre og Romsdal gode stipendordningar!
Molde sjukehus er eit veldifferensiert sjukehus med kirurgiske, medisinske, nevrologiske og gynekologiske pasientar. Det er også traume- og donorsjukehus. Vi har simuleringsdagar saman med anestesilegane, noko som bidreg til godt samhald både fagleg og sosialt.
Dersom du er nysgjerrig på kva vi kan tilby, må du gjerne ta kontakt. Vi tilbyr også sjukepleiarar å komme på hospitering hjå oss, slik at du kan sjå korleis vi jobber på intensiv i Molde.
Visste du dette om Molde?
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til postoperative pasientar, intensivpasientar og overvakingspasientar
- Til ein kvar tid er det to sjukepleiarar som er del av stansteamet ved sjukehuset
Kvalifikasjonar
- Autorisert intensivsjukepleiar
- Autorisert sjukepleiar med minimum 2 års praksis som sjukepleiar
- Autorisert sjukepleiar som enno ikkje har 2 års praksis som sjukepleiar kan òg søkje
Personlege eigenskapar
- Du har ei positiv haldning
- Du er endringsvillig, utadvendt og engasjert
- Du arbeider sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med kollegaer, pasientar og pårørende
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Kontaktinformasjon
Gry Unjem, Seksjonsleiar, 71 12 14 85, Gry.Unjem@helse-mr.no
Arbeidsstad
Parkvegen 84
6412 Molde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4390464858
Stillingsprosent: 100%
Vikariat, Fast
Startdato: 01.09.2021
Sluttdato: 31.08.2022
Søknadsfrist: 01.06.2021
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal