Vidareutdanning som spesialsjukepleiar (AIO) - Helse Møre og Romsdal HF
Org. nr: - Stillingsident: 4350085645 Presentasjon av stillingen:
Vidareutdanning som spesialsjukepleiar (AIO) utdanningsstilling
Helse Møre og Romsdal HF ønskjer å rekruttere spesialsjukepleiarar innan anestesi, intensiv og operasjon til alle våre sjukehus. Alle som har minimum to års fulltidspraksis som sjukepleiar, i eller utanfor sjukehus, kan søkje utdanningsstillingane.
Tilbodet om utdanningsstilling er primært retta mot tilsette i HMR, men søkjarar utanfor føretaket er også velkomne til å søkje.
Vi søkjer etter deg som er motivert, engasjert og som planlegg ei framtid som spesialsjukepleiar.
Gjeld for fylgjande studieretningar:
- Anestesi
- Intensiv
- Operasjon
Anvarlege leiarar i dei ulike fagmiljøa avgjer kven som får tilbod om utdanningsstilling. Søkjarar kan bli invitert til samtale på førehand av tildeling av utdanningsstilling.
Vi gjer merksam på at du sjølv må søkje opptak om studieplass ved NTNU eller andre utdanningsinstitusjonar.
Teoriblokk går som samlings- og nettbasert undervisning. I god tid før studiestart vil det vere klart kva veker som vi ha heildigital undervisning og kva veker/dagar det vil vere fysisk undervisning i Ålesund.
Utdanningsstillingane har tilbod om 90 % løn i studietida. Løn under studiet medfører bindingstid på to år i full stilling i føretaket, og tilbod om fast stilling som spesialsjukepleiar i HMR etter bindingstida
Om du får tilbod om studieplass må du snarleg gi oss tilbakemelding via epost til Fellespostboks.HMR@HR-radgiver.no
Kontaktinformasjon
Monica Strand Isaksen, Avdelingssjef, Kristiansund, 99536800, Monicha.Strand.Isaksen@helse-mr.no
Gunn Eli Kvalsund, Rådgiver, Molde, 47751802, Gunn.Eli.Kvalsund@helse-mr.no
Elin K. Molvær Dybvik, Avdelingssjef, Ålesund, 47628645, Elin.K.Molver.Dybvik@helse-mr.no
Bjørg Flø, Seksjonsleiar, Volda, 95134938, Bjorg.Flo@helse-mr.no
Guro Berge, Konst. utdanningssjef, seksjonsleiar, 90513195, guro.berge@helse-mr.no
Ingunn Aud Sørum, HR-konsulent, 70106873, Ingunn.Aud.Sorum@helse-mr.no
Øyvind Eriksen, HR-rådgjevar, 99552616, Oyvind.Eriksen@helse-mr.no
Arbeidsstad
6026
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4350085645
Stillingsprosent: 0%
Søknadsfrist: 22.03.2021
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal