Lærarstillingar
Presentasjon av stillingen :
Stryn kommune har i alt 8 skular, av desse ein rein ungdomsskule og ein kombinert barne- og ungdomsskule.
I tillegg vaksenopplæring for framandspråklege og kultur/musikkskule.
Arbeidsområde: Det kan bli ledige stillingar ved alle skulane frå 01.08.19.
Kvalifikasjonar for stillingane:
- Krav om godkjend lærarutdanning.
- Personlege føresetnader, god samarbeidsevne og relevant praksis vert vektlagd
- Aktuelle fag: Vi ynskjer spesielt søkjarar som har undervisningskompetanse i basisfaga: Norsk, engelsk og matematikk. I tillegg er det særleg aktuelt med musikk og spes.ped.
Vi kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- God pensjonsordning i SPK
For stillinga gjeld:
- Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
- Lønn etter tariff
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest av ny dato
Vi ber om at kopiar av vitnemål og attestar vert skanna inn og sendt elektronisk saman med søknaden.
Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleggjering ta kontakt med skule og kulturkontoret
Link til søknadsskjema: Send søknad
Om bedriften
Stryn kommune med sine om lag 7 200 innbyggjarar er sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord / Søre Sunnmøre. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Det er gode kommunikasjonar med Oslo, Bergen, Ålesund og Tronheim. Flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane med reisetid ca. 1 time.