Logistikk-koordinator
Vikariat frå juli 2021 og ut året
Vi er på jakt etter ein positiv og sjølvstendig person med interesse, erfaring og gjerne utdanning innan faget lager/logistikk. Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er ordrebehandling, optimalisere utnyttinga av lager, samt pakke og klargjere gods for sending.
Du må ha gode data-og språkkunnskapar (norsk og engelsk, skriftleg og munnleg), ordenssans samt god fysikk då jobben inneber ein del manuell pakking og flytting av pallar. Førarkort kl. B og truckførarbevis er naudsynt.
Arbeidsstad Florø. Spørsmål rettast til dagleg leiar Espen Lothe på 479 33 191 eller el@kinn.no
Send søknad med CV til el@kinn.no ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på høyre side.
Søknadsfrist: 18.05