Leiar teknisk drift 2.gongs lysing
Org. nr: - Stillingsident: 4197837921 Presentasjon av stillingen:
Ynskjer du ei spanande leiarstilling innan offentleg administrasjon?
Leiar for teknisk drift har ansvaret for avdelinga si samla operative leiing, styring og utvikling, bl.a. når det gjeld vatn- og avløp, eigedom og veg, samt prosjektleiing for større investeringsprosjekt. Oppfølging av V/A-utbygging i fjellet og bygging av ny sjukeheim ligg inn under dette. Avdelinga har om lag 20 årsverk. Leiar teknisk drift har fag-, økonomi- og personalansvar for verksemda.
Det er eit breitt samarbeid med dei andre Valdres-kommunane på ei rekkje områder, og leiar teknisk drift deltek i leiarnettverk saman med dei andre tekniske leiarane i Valdres.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg ansvar for tenestene
- Personalleiing og -utvikling
- Budsjettoppfølging
- Prosjektleiing for investeringsprosjekt med prosjektering, anbods- og kontraktsarbeid
- Føre tilsyn med dei anlegg verksemda har ansvar for
- Delta i gjennomføring av og oppfølging av trafikksikkerhetstiltak
- Offentlig saksbehandling og utarbeiding av saksfremlegg til politiske fora
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning
- Erfaring frå leiing/prosjektleiing i offentleg eller privat sektor
- God kompetanse og interesse for teknologi og IT
- Interesse for forbetrings- og kvalitetsutviklingsarbeid
- God innsikt i og forståing for politiske prosessar
- Evne og vilje til å leie organisasjonen i endringsprosessar
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftlig
Personlege eigenskapar
- Ein lagspelar som evnar å sjå kommunen som heilskap, med gode samarbeidsevner og evne til å vera med og skape eit godt arbeidsmiljø
- Omgjengeleg
- Lojal
- Stor arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- Løn etter avtale og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
- Fleksitid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Kontaktinformasjon
Martin Sæbu, Kommunedirektør, 95208137
Arbeidssted
Slidrevegen 16
2966 Slidre
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Vestre Slidre kommune
Referansenr.:4197837921
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.05.2020
Om bedriften
Vestre Slidre er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres. Kommunen er 464 km2 stor og har omlag 2 200 innbyggjarar. Vi har ei god skule i kommunen og vi har full barnehagedekning. Kommunen har eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett. Vestre Slidre ligg vakkert til nær Jotunheimen. Det ligg til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.