Miljøterapeut / Rettleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4361572246 Presentasjon av stillingen:
Butiltak for funksjonshemma avd Stemhaugen bueining ligg i Sveio sentrum. Avdelinga er beståande av døgnbemanna bustadar for psykisk utviklingshemma, med samansette behovsutfordringar. Butiltaket er organisert under resultateining Habilitering. I tillegg har fagteam Habilitering ansvar for målgruppa heimebuande psykisk utviklingshemma. Me har nå ledig fast stilling som miljøterapeut/rettleiar 100% fast stilling.
Stillinga er delt opp på følgjande måte: 50% miljøterapeut med arbeid kvar 4. helg ved Stemhaugen bueining og inneber langvakter på inntil 14 timar (godkjenning for denne turnusen føreligg for eit år om gongen). Og 50% stilling som rettleiar/sakshandsamar med hovudfokus på heimebuande psykisk utviklingshemma, dagtid.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver som for tida er lagt til stillinga, er dagleg oppfølging av fleire brukerar, der ein mellom anna følgjer på arbeidstrening/dagtilbud
- Samhandling med pårørande og verge
- Fagleg rettleiing heimebuande psykisk utviklingshemma
- Noko sakshandsaming må påreknast
- Oppfølging av støttekontaktar og privat avlastar
- Koordinator og oppfølging av IP
- Me er ein dynamisk tenesteytar i kontinuerleg endring og arbeidsoppgåvene vil kunne bli endra, etter som vi ser nye og betre løysingar
Kvalifikasjonar
- Autorisert Vernepleiar
- Andre med 3-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning kan og verta vurdert
- Erfaring og kompetanse frå liknande arbeid vil bli vektlagt
- Erfaring med utfordrande åtferd vil bli vektlagt
- Tilsetting i stillinga krev tilfredsstillande politiattest i henhald til lovverk
Personlege eigenskapar
- Me legg vekt på at du evnar å tilpassa deg situasjonar og nye arbeidsoppgåver
- Lærer av det som er prøvd og søkjer nye og betre løysingar i samhandling med dine kollegaer
- Fagleg engasjert og oppdatert, med ynskje om å halde seg oppdatert
- Evne til å gje og ta i mot rettleiing
- Du må kunna jobbe sjølvstendig, samtidig som du er opptatt av å ha eit tett og konstruktivt samarbeid med kollegaer og pårørande
- Evne til å arbeide målretta og systematisk
Vi tilbyr
- Ein lærande og fleksibel arbeidsplass i stadig utvikling, med sterkt fokus på den einskilde tenestemottakar
- Interessante faglege utfordringar og høve for fagleg og personleg utvikling
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
- God pensjonsordning gjennom KLP -- frå løna blir det trekt 2 %
Kontaktinformasjon
Evy Kjellesvold, Einingsleiar Habilitering, 975 30 041
Arbeidsstad
Åsvegen 12 a
5550 Sveio
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommune
Referansenr.:4361572246
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.04.2021
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.