Grunnskulelærar Granvin barne- og ungdomsskule, vikariat
Det er ledig 100 % vikariat i undervisningsstilling ved Granvin barne- og ungdomsskule frå 6.4.2021 - 31.12.2021, med mogeleg forlenging.
Om arbeidsstaden
Granvin barne- og ungdomsskule er ein 1.-10. skule som ligg omlag 25 km utanfor Voss sentrum. Skulen ligg sentralt til i Granvin sentrum og er nyleg opprusta og har gode fasilitetar både ute og inne.
Skulen har skuleåret 2020/2021 87 elevar og 28 tilsette.
Skulen har i fleire år hatt fokus på digitalisering og har mellom anna koding og teknologi som satsingsområde.
Satsingsområde skuleåret 2020/2021
- Felles satsingsområde for Vossaskulen
- Implementering av fagfornyinga
- Livsmeistring
- Teknologi
- Klasseleiing
- Positive relasjonar i alle ledd i skuleorganisasjonen
Arbeidsoppgåver
Undervisning på barne- og ungdomstrinn
Me søkjer
Fagleg kompetanse:
Godkjend kompetanse for å undervisa i fag på barne- og ungdomstrinn. I tillegg ynskjeleg med kompetanse i faga tysk og musikk.
Personlege eigenskapar:
- god evne til å samarbeida og etablera gode relasjonar med elever, føresette og kollegaer
- fokus på god klasseleiing
- positiv, engasjert, strukturert og målbevisst
- interessert i å bidra aktivt til eit inkluderande og trygt læringsmiljø
- interesse og erfaring med pedagogisk bruk av digitale læringsverktøy
- oppteken av å arbeida forskingsinformert og vidareutvikla eigen praksis
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Hugs å gje opp referansar
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss herad, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Om bedriften
Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.