Brukarstyrt personleg assistent (BPA) 50 % stilling
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Tenesta Brukarstyrt personleg assistent er organisert i Eining heimetenester som omfattar tenester til heimebuande personar, som får teneste som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova
Personen som treng bistand er sjølv arbeidsleiar og deltek i planlegging og gjennomføring av tilbodet. Kommunen organiserer dei administrative oppgåvene, og har arbeidsgjevaransvaret.
Arbeidstid er for det meste lagt til dagtid, men den som får stillinga må rekne med arbeid til andre tider.
Fell behovet for teneste vekk i kortare eller lengre periodar må den som vert tilsett rekne med å utføre andre arbeidsoppgåver i pleie- og omsorgstenesta. Den utlyste stillinga kan verte auka over tid.
Tiltreding snarast.
Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene er i hovudsak retta mot å legge kvardagen til rette med personleg og praktisk bistand. Det inneber personleg assistanse, praktiske arbeidsoppgåver og følgje til sosiale og kulturelle aktivitetar etter brukaren sine behov og ønsker.
Krav til søkar Det er ikkje krav til formell utdanning, men det vert lagt stor vekt på at søkjaren er eigna og har arbeidserfaring frå tidlegare. Søkjar må vere praktisk anlagt og like å gjere ulike oppgåver inne og ute. Du må kunne samarbeide med andre familiemedlemmar og like å omgås kjæledyr.
Det er krav om at den som vert tilsett deltek på kurs/opplæring i ordninga for BPA.
Søkjar må ha sertifikat.
Vi tilbyr
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff.
Særskilte krav Det vert stilt krav om politiattest før tiltreding.
Prøvetid Effektiv prøvetid på 6 månader.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du
blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling" Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Nina Kristin Tomren, Mobil +47 90602621, Epost: nina.tomren@aukra.kommune.no
Om bedriften
Aukra kommune opna eit av landets mest moderne omsorgssenter i 2018. Aukra Omsorgssenter inneheld 20 heildøgns omsorgsbustadar, aktivitetssenter, kortids-/rehabiliteringsavdeling, avlastning, langtidsavdeling og legevaktsatelitt. Vi har innført bruk av velferdsteknologi som ein del av tenesteytinga, og superbrukarar står for implementeringa av teknologien hos tilsette. Om du har spesiell interesse for velferdsteknologi kan du ta del i dette arbeidet.
Vi har eit tett samarbeid med institusjonstenesta og forventar at kompetanse kan nyttast på tvers av einingar. Det er avgjerande at søkjar er fleksibel med tanke på samarbeid, då pleie- og omsorgstenesta samarbeider om drift av legevaktsatelitt knytt til Legevakta i Molde. Sjukepleiar som vert tilsett er forventa å være ein del av denne drifta, og vil ha eiga arbeidsliste med arbeidsoppgåver som krev sjukepleiarkompetanse.
Vi set brukarstyring i sentrum, og det er viktig å ha fokus på kvardagsmeistring hos den einskilde.
Tenestemottakar skal vere ein aktiv part i utforming av eige tenestetilbod. Det er viktig for oss at tenestemottakar opplever meistring og vert møtt på det som er viktig for seg.