Lege i spesialisering, hjartesjukdommar. Vikariat - Hjarteavdelinga
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har i samband med omlegging av primærvaktsystemet ledig to 1 års vikariat for lege i spesialisering i hjartesjukdommar.
Sillinga gjev teljande teneste i utdanninga for spesialitetane Hjartesjukdommar og Indremedisin. Utdanningskandidatane roterer mellom dei medisinske faggruppene i avdelinga. Ein viser elles til utdanningsplan. Den som vert tilsett tar del i avdelingsspesifikk primærvaktordning for Hjarteavdelinga.
Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdommar er samla. Avdelinga driv høgspesialisert utgreiing og behandling innan følgande område: Ikkje-invasiv biletdiagnostikk, invasiv koronardiagnostikk/terapi og perkutane ventilimplantasjonar, toraks-kirurgi, intensiv- og overvakningsmedisin, pacemaker-, ICD- og CRT behandling, hjartesviktpoliklinikk, tachyarytmi, preventiv kardiologi og kongenitt kardiologi. Medisinsk utvikling er framtredande, og forskingsaktiviteten er høg.
Hjarteavdelinga har to store medisinske sengepostar, ei intensiv- og overvakingseining, ein stor torakskirurgisk post, eiga pacemaker-operasjonsstove, fire torakskirurgiske operasjonsstover medrekna hybridstove, tre laboratorium for koronar angiografi/PCI, to elektrofysiologilaboratorier og fleire spesialpoliklinikkar.
Arbeidsoppgåver
- Primærvakt (7-delt dagvakt og 14-delt nattevakt) ved Hjarteavdelinga
- Poliklinikk
- Visittgang og postdrift
- Opplæring og deltaking i ulike kardiologiske prosedyrar
- Undervising
- Forsking/kvalitetssikring
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Det blir lagt vekt på erfaring innan kardiologi og ønskje om å bli kardiolog
- Søkjar må meistre norsk munnleg og skriftleg
Utdanningsretning
- Medisin
Utdanningsnivå
- Høyskole / Universitet, Hovedfag / Mastergrad
Personlege Eigenskapar
- Samarbeidsorientert, strukturert og løysingsorientert
- Stor arbeidskapasitet, effektiv og fleksibel
- Evne til å syne trivsel i eit aktivt og endringsorientert miljø
- Interesse for forsking
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Løn i tråd med tariffavtale
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Nils Walde, Ass. Avdelingsdirektør, 55976738
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Bergen
Ref. nr.:4024976757
Stillingsbrøk: 100%
Vikariat heltid
Startdato: 01.03.2019
Sluttdato: 29.02.2020
Tal på stillingar: 2
Søknadsfrist: 25.02.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4024976757&company_id=53007&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.