Institusjonskokk/ ernæringskokk 85 % vikariat
Org. nr: 964 980 365 Stillingsident: 4200524931 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig 85 % vikariat som institusjonskokk/ ernæringskokk ved Sykkylven bu - og aktivitetssenter, kjøkken i perioden 01.06.2020 - 01.03.2021.
Arbeidsstad
BUAS består per i dag av ein institusjonsdel med 14 somatiske plassar og 11 plassar i avdeling for personar med demens sjukdom, samt 68 husvære fordelt på tre soner, men det vil i nær framtid verte gjennomført ei omstilling. Det vil etter endring verte 18 plassar i avdeling for personar med demens, og 50 husvære fordelt på 2 soner:
- Sone 1: 26 husvære fordelt på fire bufellesskap
- Sone 2: 24 husvære fordelt på tre bufellesskap samt fire institusjonsplassar til korttidsopphald og avlasting
Kjøkkenet ved Sykkylven bu - og aktivitetssenter er eit kjøkken som:
- produserer kok server og delvis kok/kjøl.
- har stor grad av eigenproduksjon.
- har arbeid kvar fjerde helg
- har jobbrotasjon i daglege oppgåver
- brukar dataprogrammet Aivo
Søknad
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling og ber difor om at du nyttar elektronisk søknad. Har du behov for hjelp til utfylling av søknaden, så ta gjerne kontakt med Servicetorget, tlf. 70 24 65 00.
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar må leggast fram ved ev. intervju eller tilsetting.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak bestå i:
- produksjon av middag, lunsj, dessert og baking
- levering av varer til postkjøkkena på dei ulike avdelingane
- bestilling og mottak av varer
- dagleg oppvask og reinhald
Kvalifikasjonar
- Utdanning som institusjonskokk/ernæringskokk, eventuelt kokk.
- Annan relevant utdanning/fagbrev innanfor matfag kan og vere aktuelt om søkjar har relevant arbeidserfaring frå
kjøkken/bakeri. - Du må vere interessert i å lære meir om diettar, samt gjere ein eigeninnsats for å tileigne deg kunnskap om dette.
Personlege eigenskapar
- Du er ein person som produserer god mat
- Du trivast i ein hektisk kvardag
- Du vil lære nye ting og vere med på utvikling av kjøkkenet vårt
- Du er blid, omgjengeleg og serviceinnstilt
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk:
- Løn etter avtale/tariff
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gunstige låneordningar
- Gode forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Eli Marie Hustad Digernes, Fagleiar, 91572833, eli.hustad.digernes@sykkylven.kommune.no
Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Sykkylven bu- og aktivitetssenter
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4200524931
Stillingsprosent: 85%
Vikar
Startdato: 01.06.2020
Sluttdato: 01.03.2021
Søknadsfrist: 10.03.2020
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.