Reinhaldarar
Org.nr.:921244207 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Eininga reinhald og vaskeri har ansvar for reinhald i alle kommunale bygg i Sunnfjord kommune, og vi har no ledige stillingar for reinhaldarar fleire stadar i kommunen.
Vi har fleire ledige stillingar:
- frå 40 til 100 %, både faste og vikariat
Arbeidstida er i tidsrommet 06.00 til 17.00 og søkar må vere fleksibel innanfor dette tidsrommet.
Krav til søkar:
- fagbrev som reinhaldar. Anna relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
- førarkort klasse B
- gyldig politiattest
Vi søker deg som:
- er ansvarsfull og påliteleg
- har gode samarbeidsevner og likar å arbeide saman med andre
- er omgjengeleg
- kan kommunisere godt på norsk
- likar fysisk arbeid og taklar ein hektisk arbeidskvardag
Vi kan tilby:
- ei eining med høg fagleg kompetanse
- god pensjons- og forsikringsordning
Godkjend politiattest må leverast før start i stilling. Du må søke elektronisk.
Velkommen som søkar!
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Alvhild Mundal Helland, Tlf: +47 57 61 28 36, Epost: alvhild.mundal.helland@sunnfjord.kommune.no
Om bedriften
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.