Ringevikar barnehage, skule og SFO
Org.nr.:961 821 967 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Vi søkjer ringevikarar til barnehage/skule/SFO som ynskjer å vera med å skapa ein god og trygg kvardag for borna.
Du vil motta svar på at søknaden er motteken, søknadande vil bli behandla fortløpande og når leiarane har behov for
vikar vil dei gå gjennom søkarane og ta kontakt med søkarar dei finn aktuelle.
Arbeidsstad
Skulane og barnehagane i Vaksdal kommune
Arbeidsoppgåver
Vere til stades for barna
Vere engasjert i barna sin leik inne og ute
Passe på så ingen fell utafor leiken
Sette deg godt inn i alle rutinar
Andre praktiske oppgåver
Ta del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert
Krav til kompetanse
Du må være ein påliteleg, open og ærlig person. Det er viktig for oss at våre tilsette er i barnehagen/skule/SFO for barna si skuld, men og har evne til å samarbeide med kollegaer. Erfaring frå barnehage/skule/SFO er ein føremon.
Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre. Vi oppmodar òg menn til å søkja.
Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Lønsvilkår
Etter gjeldande lov og avtaleverk.
Vaksdal kommune kan tilby
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
For tilsette som søkjer på stilling, må opprette ny brukar og nytt passord første gang de søkjer.
Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 46 29 97 34 /45 37 59 84
Kontaktperson
Gunn Elisabeth Melgård Aase, tlf: 41233585, gunn.melgard.aase@vaksdal.kommune.no
Jill Bru Johansen, tlf: 92890643, mobil: 92890643, jill.johansen@vaksdal.kommune.no Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: Eining skule, Jill Bru Johansen, Epost: jill.johansen@vaksdal.kommune.no
Om bedriften
Vaksdal kommune har ca. 4.000 innbyggjarar. Kommunen ligg sentralt til mellom Voss og Bergen. Bergensbanen og E16 går i tunnel gjennom store delar av kommunen. Reisetid med tog frå Bergen er omlag 45 minutt, frå Voss omlag 35 minutt. Sentral plassering gjer at ein kan nyta godt av både by- og bygdekultur. Kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og lagsliv.