100% fast stilling for rådgjevar arealplan
Søknadsfrist er onsdag 27. januar 2021.
Søknad sendast elektronisk via våre nettsider, www.eidfjord.kommune.no
Søknad merkast med arkivsak 21/16
Forvaltningsavdelinga består i dag av sju årsverk og er ansvarleg for handsaminga av saker innanfor m.a. plan, byggjesak, landbruk, vilt- og naturforvaltning, kart- og oppmåling, og matrikulering.
Me ser etter nokon med interesse for feltet, og som kan bidra til god kvalitet i kommunen sitt planarbeid.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vera:
-
Handsama private arealplanar
-
Førebu plansaker til politisk handsaming
-
Utarbeida kommunale arealplanar
-
Rettleia private, utbyggjarar og næringsliv
-
Ajourføring og forvaltning av kommunen sine kartbasar
Som tilsett på eininga må du dessutan rekna med å ta del i oppgåver knytt til tilgrensande saksfelt.
Kvalifikasjonar
-
Relevant høgskule- eller universitetsutdanning, fortrinnsvis innan arealplanlegging
-
I særlege tilfelle kan lang erfaring innan fagfeltet kompensera for manglande utdanning
-
Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel, men ikkje eit krav
-
Det er ynskjeleg med kjennskap til plan- og bygningslova
-
Evne til å arbeida nøyaktig, effektivt og sjølvstendig
-
Evne til å formulera deg klart og tydeleg skriftleg og munnleg
-
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
Me tilbyr
-
Høve til vidareutdanning
-
Høve til å vera med og påverka eigen arbeidskvardag
-
Hjelp til å skaffa bustad
-
Løn etter avtale
Dersom du ynskjer meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med Eidfjord kommune. Telefonnummer 53673500. Informasjon om Eidfjord kommune finn du på våre nettsider www.eidfjord.kommune.no