Klinisk sosionom BUP Stord - Husneskontoret - Helse Fonna HF
Ved BUP Stord, Husneskontoret, har vi ledig fast stilling for klinisk sosionom.
BUP Stord gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet for poliklinikken dekkjer 7 kommunar (Stord, Fitjar, Bømlo, Tysnes, Kvinnherad, Odda og Ullensvang).
BUP Stord er organisert saman med Stord DPS under felles leiing, og er inndelt i 4 team. Ved poliklinikken er det 24 fagstillingar. Husneskontoret er eit utekontor for BUP Stord som skal gi tilbod til pasientar frå Ullensvang, Odda og Kvinnherad. Det er per i dag fire fagstillingar og ein merkantil med fast kontorstad på Husnes. Alle er knytta til team på BUP Stord. Det må påreknast reising til utekontor i Odda, og ein deltek på teammøter på Stord éin gong i veka.
Vi er inne i ei tid med fokus på utvikling av tilbodet til barn og unge i vårt opptaksområde. Vi ønsker at våre medarbeidarar skal ha god fagkompetanse på sitt område og vi legg til rette for vidare- og etterutdanning.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing/vurdering og behandling av barn og ungdom
- Rettleiing og formidling av kunnskap internt og eksternt
- Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom
- Delta på samarbeidsmøter
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer klinisk sosionom med spesialutdanning innan psykisk helse. Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar, kan det vere aktuelt med høgskuleutdanning frå andre helsefag.
Utdanningsretning
- Sosionom
- Helsefag
Utdanningsnivå
- Høyskole / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad
Personlege Eigenskapar
- Personlege eigenskapar og relevant erfaring blir vektlagt
- Fleksibel
- Gode kommunikasjonseevner
- Vere ein god teamarbeidar
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
- Arbeid i tverrfaglig team
- Kompetanseheving
- Tilrettelegging for spesialisering i fast stilling
- Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer
- Lønn etter gjeldande avtale
- Stillinga er dagstilling, 37,5 t/veke
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Håvard Wester Breistein, Seksjonsleiar SDPS/BUP, 93241877, havard.breistein@helse-fonna.no
Siv Merete Handeland, funksjonsleiar, 99 28 80 92, siv.merete.handeland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Husnes
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Fonna HF
Ref. nr.:4031661059
Stillingsbrøk: 100%
Fast heltid
Startdato: 01.04.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 10.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4031661059&company_id=1099374713&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.