Fagarbeidar - teknisk drift
Org. nr: - Stillingsident: 4389756591 Presentasjon av stillingen:
Valle kommune forvaltar og driftar omlag 35 000m2, med tilhøyrande tekniske installasjonar og uteområde.
Det er no ledig 100 % fast stilling som fagarbeidar på teknisk drift.
Dagens bygg blir stadig meir komplisert å drifte med tanke på tekniske installasjonar. Vi søker difor etter ein person som har hovudansvar for overvaking og styring av kommunens bygningsmasse, i tillegg til planlagde og akutte vedlikehaldsoppgåver på bygg og anlegg.
Stillinga kan inngå i etablert vaktordning.
Arbeidsoppgaver
- Bidra til at byggeigar oppfyller krav om internkontroll og dokumentasjon av desse
- Dagleg oppfølging og utføring av driftsoppgåver dokumentert i FDV-systemet Plania
- Energioptimalisering av tekniske anlegg gjennom god teknisk drift av bygga og bruk av SD-anlegg
- Generelle oppgåver innan drift og vedlikehald av kommunale bygg med tilhøyrande tekniske installasjonar og uteområde
- Utføre arbeid for VA ved behov
- Deltaking i evt. vaktordning
Kvalifikasjoner
- Fagbrev innan automasjon, elektro, byggdrifter, eller annan relevant fagutdanning
- Erfaring med å bruke SD anlegg som arbeidsverktøy
- Erfaring og kunnskap om prosesser, samanhengar, og moglegheiter til optimalisering av varmepumper og ventilasjonsanlegg
- Erfaring med generell drift av bygg, eller annan relevant driftserfaring
- Kompetanse i bruk av digitale arbeidsverktøy generelt
- Fagbrev frå andre tekniske fag eller tømrarfag kan være aktuelt, og/eller erfaring innanfor drift/vedlikehald av bygg og tekniske installasjonar
Personlige egenskaper
Vi søker deg som er en allsidig, proaktiv og positiv person.
- Løysingsorientert
- God til å samarbeide på tvers av roller og ansvar
- God til å arbeide i team, men og evne til å være sjølvstendig
- Engasjert
- Strukturert
Personleg eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Løn etter tariff
- Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- Gode utviklingsmoglegheiter og varierte arbeidsoppgåver
- Kommunen kan hjelpe å skaffe bustad
- Bedriftsleilegheit i Kristiansand sentrum
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Vakker natur og gode kultur- og fritidstilbod, sommar og vinter
- Barnehage og SFO med vekt på friluftsliv og aktivitet, og full kulturskuledekning
- Ei triveleg bygd å bu i
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal pregas av mangfold.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Kontaktinformasjon
Sverre Rinden, driftsleiar teknisk, 99543079
Arbeidssted
Kommunehuset, 1. høgda
4747 Valle
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Valle kommune
Referansenr.:4389756591
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.05.2021
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/