Miljøarbeidar 50%
Org. nr: - Stillingsident: 4467409891 Presentasjon av stillingen:
Haugen bufellesskap er eit bufellesskap for menneske med funksjonshemming. Bufellesskapet har døgnbemanning og dei tilsette har ulik fagbakgrunn.
Hos oss vil du bidra til at bebuarane får ei meningsfull og innhaldsrik kvardag i tråd med lovverk, fagleg kjente metodar og etiske retningsliner. Du vil bistå dei som bur her i daglege praktiske og sosiale gjeremål.
No søkjer me etter ein ny medarbeidar til stilling som miljøarbeidar. Stillinga inneber arbeid i to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg og er ledig frå 01.04.22.
Me har også eit vikariat i 50 % som er ledig til 31.12.23.
For fleire karrieremoglegheiter, sjå www.tysnes.kommune.no/ledigestillingar
Arbeidsoppgåver
- Yte heilskapleg pleie og fagleg omsorgstilbod til brukerane.
- Yte brukerane den bistand dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
- Målretta miljøarbeid i bustad, på dagsenter og med fritidsaktiviteter.
- Legemiddelhåndtering.
- Delta på fagmøter og andre kompetanseaukande tiltak.
- Medansvarleg til å skape eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeider.
- Dersom me ikkje lukkast å rekruttera person med rett kompetanse kan assistent verte vurdert for stillinga.
- Gode kommunikasjonsevner, både skrifteleg og munnleg.
- Erfaring og interesse frå arbeid med brukargruppa er eit føremon.
- Den som vert tilsett må leggja fram politiattest, jfr lov om helsepersonell §20a.
- Grunnleggjande datakunnskap.
- Førarkort for bil klasse B er eit føremon.
Personlege eigenskapar
- Engasjert og deltakande i personalgruppa.
- Positiv, og evner å motivera og engasjera.
- Du ønskjer å bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø.
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheter.
- Er fleksibel og evnar å jobbe målretta og strukturert.
- Personlege eigenskapar som sjølvstende, løysingsorientert, stå på vilje, ansvarleg og lojal vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Stillingsstorleik: 50%
- Eit tverrfagleg miljø i bufellesskapet, med engasjerte kollegaer.
- Eit utfordrande, godt og meiningsfylt arbeidsmiljø.
- Løn etter kompetanse.
- God pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Ein arbeidsplass som har eit inkluderande arbeidsliv.
Kontaktinformasjon
Irene Røssland Matre, Avdelingsleiar, 975 89 023, Irene.Rossland.matre@tysnes.kommune.no
Birthe Tveit, Einingsleiar open omsorg, 918 22 616
Arbeidssted
Haugen Bufellesskap
5685 Uggdal
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Tysnes kommune
Referansenr.:4467409891
Stillingsprosent: 50%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 30.01.2022
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.