PROSJEKT- og BYGGELEIAR – AVD. FØRDE
Nordplan søker erfaren prosjekt- og byggeleiar til vårt avdelingskontor
i Førde.
++Aktuelle arbeidsoppgåver:++
- Prosjektleiing og byggeleiing for offentlege og private kundar
- Prosjekteringsgruppeleiing (PGL) avhengig av erfaring og kvalifikasjonar
- Anbudsbeskrivelser og kontraktsgrunnlag
- Fagutvikling berekraft og miljø
++Kvalifikasjonar:++
- Byggingeniør/sivilingeniør eller anna relevant utdanning
- God kunnskap i norsk skriftleg og muntleg
- Interesse og kunnskap om prosessen frå idèkonsept, regulering til ferdig bygg
++Personlege eigenskapar:++
- Engasjert, fagleg initiativrik og ansvarsbevisst
- Gode samarbeidsevner og ein dyktig lagspelar
- Løysingsorientert og god heilskapsforståing
- Evne til å bygge gode relasjonar internt og eksternt
- Evne til å ta beslutningar og arbeide effektivt og strukturert
Nordplan tilbyr eit fagleg interessant miljø med dyktige og hyggelege kollegaer. For den rette kandidaten vil Nordplan gi store utviklingsmuligheiter innanfor eit tverrfagleg arbeidsområde. Vi tilbyr konkurransedyktig lønn, gode pensjons- og forsikringsordningar og fleksibel arbeidstid.
Nordplan AS er det største uavhengige arkitekt- og konstruksjonsmiljøet mellom Bergen og Trondheim. Vi har avdelingskontor i Ålesund, Nordfjordeid, Førde og Vågå. I tillegg har vi satelittkontor i Ørsta, Stryn, Måløy og Skjåk.
Kontaktperson:
· avdelingsleiar Førde, Grete Marøy Sellevoll, mob. 95082925 eller
· dagleg leiar Arne Steinsvik, mob. 917 02 150
Søknad med CV og referanser sendast post@nordplan.no innan 15.februar 2021
Om bedriften
Nordplan er eit rådgjevingsfirma og kompetansemiljø med over 50 medarbeidarar som arbeider innanfor fagområda Arkitektur, Landskapsarkitektur, konstruksjonsteknikk, Prosjekt- og byggeleiing, Veg- og trafikkplanlegging, VA-teknikk, Areal- og samfunnsplanlegging.