Konsulent
Stillingsannonsen er inaktiv.Vindafjord kommune
Areal og Forvaltning
Me søkjer:
Konsulent i 80% fast stilling ved Areal og forvaltning.
Arbeidsstad er Teknisk bygg i Sandeid. Tiltreding snarast.
Hovudarbeidsoppgåver
- Post og arkiv
- Rekneskap (fakturering og attestering)
- Kunde- og telefonmottak
- Rutineprega sakshandsaming
- Arbeidsoppgåver knytt til koordinering og administrativ tilrettelegging
- Bistand til einingsleiar og fagpersonell
- Førefallande kontorarbeid
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning
- Gode datakunnskapar
- Kjennskap til ACOS WebSak, Visma og andre digitale system er ein fordel
- Gode nynorskkunnskapar og god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode samarbeidsevner
Andre opplysningar
Eining Areal og forvaltning har 17,7 faste årsverk og dekkar fagområda plan, byggjesak (inkl. deling), oppmåling/matikkelføring/kart, landbruk (jord- og skogbruk), vilt- og fiskeforvaltning, adressering, eigedomsskatt, utslepp frå og tilsyn med private avløpsanlegg og forureining (i hovudsak frå landbruk).
Eininga arbeider for eit aktivt jord- og skogbruksmiljø og ei positiv samfunnsutvikling med tilrettelegging av planar for tenlege bustad- og næringsområde. Viktige delar av arbeidsdagsoppgåvene er handsaming av søknadar og planar og å yta god service og gi god rettleiing til kundar innanfor alle fagområda.
Som konsulent vil du ha eit tett samarbeid med andre med same og tilgrensande arbeidsoppgåver på Teknisk bygg og på Rådhuset (økonomi, løn, post, sak og arkiv).
Me er lokalisert på Teknisk bygg i Sandeid, saman med eining Kommunaltekniske tenester.
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter deg som:
- kommuniserer og samarbeider godt
- har evne til å jobbe sjølvstendig og er ansvarsfull
- er positivt innstilt og yter god service
- har evne til å arbeide strukturert og nøyaktig
- bidrar til å lette arbeidsdagen for dei andre i eininga ved å hjelpe til der det trengs
- er interessert i å ta i bruk relevante fagsystem
Me kan tilby
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Søknad sendes
Vindafjord kommune tek berre mot elektroniske søknadar. Du kan laste opp vitnemål og attestar som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søkje.
Du kan komme med på offentleg søkjarliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune
Adresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid
Vindafjord kommune er ein stor og viktig landbrukskommune, men vi satsar og mykje på kultur og friluftsliv. Kommunen har årleg mange festivalar som Rootsfestival og Sommarfestival i Vikedal, Vikebygdfestivalen med meir. Vi har fantastisk fin natur som freistar til eit aktivt friluftsliv. Kommunen og bygdene har saman fått til eit svært godt og merka turnettverk som kan passe alle og har årleg eit opplegg for "Ut på tur". Ølmedalen rundt, Skjold på tvers og Hestanipen opp kan by på harde konkurransar. Variert idrett i alle klassar, aktiv kulturskule og mange gründerar og kreative personar som skaper eit godt miljø å leve i.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 21. april 2021
Hentet fra: Vindafjord kommune
Referanse: visma.vindafjord.kommune.no/recruitment/opening?0?851
Stillingsnummer: 590cc2b5-7772-4a08-914c-e923fdcd3b85