Sjukepleiarar
Org. nr: - Stillingsident: 4188368757 Presentasjon av stillingen:
Medisinsk sengepost er ein heildøgn-sengepost med 18 senger, inkludert 3 overvakingssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord og tek imot dei fleste akutthjelp-pasientar frå dette området.
Vi har frå 20.04.2020 ledig 100 % vikariat og eit 80 % vikariat som sjukepleiar, begge i eitt år. Vi ber om at du opplyser i søknaden kva stilling du søkjer på.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid på sengepost, undervisning/rettleiing, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid
- Mottak og oppfølging av pasientar
- Tredelt turnus inkludert arbeid på natt
- Arbeidshelg kvar 3.veke
Kvalifikasjonar
- Off.godkjent sjukepleiar
- Erfaring frå sjukehus og medisinsk sengepost er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Vere pasientorientert og ansvarsbevisst
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ha gode samarbeidsevner
- Vere fleksibel og engasjert
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Varierte og spennande oppgåver
- Fagleg og personleg utvikling
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Arnstein Ivesdal, Einingsleiar, (+47) 578 64 156
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4188368757
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 20.04.2020
Sluttdato: 29.08.2021
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.