Er du vår nye lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget?
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen : Vi ser fram til å få ein ny lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget frå august 2020. Vi har fokus på å leggje til rette for ei god læretid, og skape interesse og engasjement for yrket. Som lærling i Fjaler vil du ha variert praksis, og vil bli fulgt opp av fagleg leiar i oppvekst, i tillegg til oppfølging frå instruktørar ved dei ulike barnehagane og skulane våre. Er du interessert i å vite meir om lærlingordninga vår, håper vi du tek kontakt så vi kan få fortelje korleis det er å vere lærling hos oss.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging, leiing, gjennomføring og evaluering av pedagogiske aktivitetar for barn og unge
- Tilrettlegging for leik og fysisk aktivitet med utgangspunkt i den einskilde sitt funksjonsnivå og livssituasjon
- Anvending av forming, sang, leik, musikk, litteratur og drama i det daglege arbeid
- Føring av opplæringsbok
Kvalifikasjonar
- Bestått VG1 Helse- og oppvekstfag, dokumentasjon for fullført og bestått VG2 Barne- og ungdomsarbeiderfag eller tilsvarande må leggast fram før signering av lærekontrakt
- Må kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Har godt samspel med barn og vaksne
- Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
Vi tilbyr
- Lærekontrakt og opplæringskontrakt
- Mellombels tilsetting i Fjaler kommune som lærling/lærekandidat i 2 år
- Løn under utdanning
- Trivlege arbeidsplassar med godt læringsmiljø
- Leiarar med fagleg/pedagogisk bakgrunn, dyktige instruktørar og rettleiarar
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Ingvard Flekke, Tlf: +47 57738056, Mobil +47 91880274, Epost: Ingvard.Flekke@fjaler.kommune.no
Om bedriften
Fjaler kommune har om lag 2850 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500.
Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod.
UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord, fjell og vakker natur.