Sosialpedagogisk rådgjevar
Org. nr: - Stillingsident: 4216418132 Presentasjon av stillingen:
Bykle barne- og ungdomsskule ligg i kyrkjebygda i Bykle. Skulen er ein 1-10 skule og har om lag 60 elevar. Bykle kommune har gode skular og ynskjer ein rådgjevar som kan gjere sitt til at vi blir endå betre. Vi er ein Pals-skule og den som blir tilsett må vere aktivt med i Pals-arbeidet. Vi har eit sterkt fokus på å bygge gode relasjonar og vere tydelege vaksne.
Arbeidsoppgåver
Hovudarbeidsområdet vil vere elevretta miljøarbeid, rådgjeving mot personalet og tverrfagleg samarbeid. Det kan også bli aktuelt med vikararbeid/undervisning knytt til stillinga.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på høgskule/universitet.
- Det er ynskjeleg med undervisningkompetanse og utdanning innan sosialt arbeid.
- Den som blir tilsett må både kunne samarbeide og arbeide sjølvstendig.
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Det blir lagt vekt på at den som blir tilsett er personleg eigna.
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar. Rekrutteringstillegg på kr. 40 000 per år i tre år
- Gode pensjons- og forsikringsordingar
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement
Krav om godkjent politiattest ved tilsetjing.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det blir trekt 2% pensjonsinnskot.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentlege sjølv om søkjaren har bede om at søknaden blir unnateke offentleggjering. Søkjaren blir varsla dersom slik reservasjon ikkje er i møtekomen (jf. Offentleglova § 25).
Kontaktinformasjon
Rønnaug Torvik, Tenesteleiar, 488 94 317
Arbeidsstad
Sarvsvegen 14
4754 Bykle
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bykle kommune
Referansenr.:4216418132
Stillingsprosent: 70%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 13.04.2020
Om bedriften
Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.
Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette