Helsesekretær i akuttmottak 80%
Org. nr: - Stillingsident: 4452912709 Presentasjon av stillingen:
Akuttmottak er ein spennande arbeidsstad med varierte oppgåver. I samband med nytt bygg og omorganisering har vi no ledig ein 80% fast stilling som helsesekretær. Stillinga inneber 2-delt stilling, dag og kveld, med arbeid kvar 3. helg.
Oppstart snarast etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- resepsjonsarbeid
- vera ein del av pasientflyten i mottaket
- blodprøvetaking
- må vera innstilt på enkelte oppgåver som understøttar drift og medisinsk oppfølging
- anna administrativt
Kvalifikasjonar
- autorisert helsesekretær.
- ønskeleg med erfaring i DIPS, MEONA og IMATIS.
- ønskeleg med erfaring i blodprøvetaking.
Personlege eigenskapar
- du må vera positiv og samarbeidsvillig
- du trivst i eit til tider hektisk miljø
- du liker at ein ikkje alltid veit kva som møte ein frå dag til dag
- du har evnene til gode kommunikasjon.
Vi tilbyr
- ein spennande arbeidsplass i utvikling i heilt nye lokale
- eit godt arbeidsmiljø.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Contacts
Torstein Dankel Stavenjord, Funksjonsleiar, 98441038
Location
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Apply for position:Click here
Key information:
Employer:Helse Fonna HF
Reference number:4452912709
Percentage of full-time: 80%
Fast
Application deadline: 03.12.2021
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.