Sjukepleiarstilling
Org. nr: - Stillingsident: 4272923540 Presentasjon av stillingen:
ANRR Sengepost - Avdeling for Nevrologi, revmatologi og rehabilitering har ledig 100% vikariat for sjukepleiar frå no og ut 2020.
Vi er ei avdeling med eit ungt og dynamisk miljø, med erfarne sjukepleiarar og med stort fokus på fag og utvikling.
Avdelinga har god opplæring, internundervisning og mogelegheit for fagleg fordjupning.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er varierte og spennande
- Bidra i blandt anna behandling og oppfølging av pasientar innagt med akutt hjerneslag og andre nevrologiske tilstandar
- Delta i tverrfaglig team omkring pasientar med koplekse problemstillingar og med behov for koordinerte tenester
Kvalifikasjonar
- For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon
- Praksis eller interesse for dei aktuelle fagområda
Utdanningsretning
- Sjukepleie
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Du må vere pasientorientert og ansvarsbevisst
- Du må vere løysingsorientert med evne til å jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.
- Fleksibel og engasjert
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Høg arbeidsmoral
- Godt humør med ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Irene Hjorthol, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 974
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4272923540
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 25.08.2020
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.