Overlege spesialisert habilitering nevrologi/psykiatri
Spesialisert habilitering SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Overlege spesialisert habilitering nevrologi/psykiatri
- Oppstart
- 1. januar 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Avdeling for sjukehuspsykiatri, Spesialisert habilitering SNR søker etter overlege innan fagområda nevrologi og psykiatri.
Spesialisert habilitering SNR har ei 100% ledig stilling for overlege. Vi har behov for både nevrologisk og psykiatrisk kompetanse og stillinga kan delast mellom fleire, til dømes 50% stilling for spesialist i nevrologi og 50% stilling for spesialist i psykiatri.
Seksjonen gir eit tilbod til innbyggarane i Nordmøre og Romsdal med medfødte og tidleg erverva funksjonsnedsetting. Vi held til i moderne lokaler i det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR), på Hjelset som ligg ca 20 km frå Molde sentrum og 40 km frå Kristiansundsund. Busstilbodet er godt utbygd for den som ønsker å reise kollektivt.
Seksjonen er ein del av avdeling for sjukehuspsykiatri og som vår overlege blir du ein del av eit større, tverrfagleg behandlingsteam, både internt i seksjonen og i avdelinga.
Vil du bli med på laget? Send oss ein søknad!
6450 Hjelset
Referansenr.: 5035432466
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2026
Søknadsfrist: 18.11.2025
Spesialisert habilitering SNR har ei 100% ledig stilling for overlege. Vi har behov for både nevrologisk og psykiatrisk kompetanse og stillinga kan delast mellom fleire, til dømes 50% stilling for spesialist i nevrologi og 50% stilling for spesialist i psykiatri.
Seksjonen gir eit tilbod til innbyggarane i Nordmøre og Romsdal med medfødte og tidleg erverva funksjonsnedsetting. Vi held til i moderne lokaler i det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR), på Hjelset som ligg ca 20 km frå Molde sentrum og 40 km frå Kristiansundsund. Busstilbodet er godt utbygd for den som ønsker å reise kollektivt.
Seksjonen er ein del av avdeling for sjukehuspsykiatri og som vår overlege blir du ein del av eit større, tverrfagleg behandlingsteam, både internt i seksjonen og i avdelinga.
Vil du bli med på laget? Send oss ein søknad!
Arbeidsoppgåver
- Diagnostisk utgreiing og behandling
- Individuell og tverrfagleg oppfølging og behandling
- Internt samarbeid og rettleiing
- Eksternt samarbeid og undervisning/rettleiing
- Psykoedukasjon for pasientar og pårørande
- Deltaking i fagutvikling, forskning og andre tiltak for kompetanseheving
Kvalifikasjonar
- Overlege med godkjent spesialitet innan psykiatri eller nevrologi
- Inneha norsk autorisasjon
- Meistre norsk munnleg og skriftleg, og ha god språkleg framstillingsevne
- Erfaring frå undervisning- og opplæringsverksemd
- Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innen rettleiing
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver, sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen
- Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Hilde Husby, Seksjonsleiar, +47 415 54 505, Hilde.Husby@helse-mr.noArbeidssted
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5035432466
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2026
Søknadsfrist: 18.11.2025
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
57209a61-7164-4b36-8f1b-c7a89ad308a1
- Sist endret
19. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dd12425d91a64d57a64398ba74125bcf
Lignende annonser
Psykiater
Arbeidsgiver
Akutt psykisk helsevern SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Arbeidsgiver
Alderspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Arbeidsgiver
Nevrologiske leger og klinisk nevrofysiologi SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Arbeidsgiver
AVDELING FOR PSYKISK HELSEVERN BARN OG UNGEHelse Møre og Romsdal HF
Sted
Kristiansund N, Volda, Molde, Ålesund