Rektor ved Bergsøy skule avd. Blåhaugen
Stillingsannonsen er inaktiv.Herøy kommune, Sektor for oppvekst
Lisjebøvegen 23, 6091 Fosnavåg
Org. nr: - Stillingsident: 4190465039 Presentasjon av stillingen:
Bergsøy skule avd. Blåhaugen er ei avdeling for 1.-4.årstrinn, samt SFO. Der er ca 160 elevar. Skulen har nettopp fått eit tilbygg med gode gruppe- og klasserom. Rektor ved avd. Blåhaugen utgjer saman med rektor ved avd. Borga (5.-7.trinn) leiarskapet for Bergsøy skule.
I Herøy er det viktig å vise respekt, byggje tillit og fremja samhandling. Rektor skal leie avdelinga slik at alle elevar har eit trygt og godt læringsmiljø, og dei tilsette eit godt arbeidsmiljø. Det skal leggast til rette for trivsel og læring, gjennom dagleg drift og langsiktig utvikling.
Rektor er med i kommunalsjefen si leiargruppe for sektor Oppvekst.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene for ein rektor er varierte og femner om eit breitt felt. Rektor er avdelingsleiar, med delegert mynde innanfor personal/HMS, økonomi og dagleg drift. Rektor skal sikre ei forsvarleg opplæring i tråd med Opplæringslova, samt rutinar og prosedyrar for sektor Oppvekst og Herøy kommune.
Det pedagogiske utviklingsarbeidet, basert på strategiar og mål for Herøyskulen, skal følgjast opp systematisk og planmessig. Kvalitetsmåla i gjeldande strategi, er:
-
Alle elevar skal oppleve meistring på sitt nivå, innanfor dei grunnleggande dugleikane
-
Alle elevar skal inkluderast i elev- og læringsmiljøet, bli sett og verdsett.
-
Opplæringa skal bidra til at fleire elevar greier å fullføre vidaregåande skule
Det er mykje samarbeid mellom rektorane i Herøyskulen, der ein deler både suksesshistorier og utfordringar, og lærer av kvarandre.
Kvalifikasjonar
Vi treng ein rektor som har høgare utdanning innan pedagogikk, og gjerne også leiing. Den som vert tilsett, må kunne vise til gode leiareigenskapar innanfor dei sentrale ansvarsområde: personal, økonomi og pedagogisk utviklingsarbeid. Det er viktig å kunne handtere og arbeide med digitale verktøy, innanfor både administrasjon og fag.
Rektor må ha fleire års erfaring frå grunnskulen, helst både som lærar og leiar, og ha gode referansar frå arbeidet sitt.
Vi ser gjerne at menn med den rette kompetansen, søkjer på stillinga.
Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Personlege eigenskapar
Den som vert tilsett, må kunne vise til gode leiareigenskapar. I dette ligg evne til å bygge relasjonar mot både vaksne og barn, evne til samarbeid så vel som til å arbeide sjølvstendig. Rektor må ville inkludere andre i prosessar, så vel som å vise handlekraft og gjennomføringsevne. Ein må vise evne til å stimulere til arbeidsglede og trivsel, og ha stabilt og godt humør.
Det vert vektlagt at ein kan sjå heilskapen i opplæringsløpet, primært 1.-7.trinn, men også ned mot barnehage og samanhengen barnehage - småskule. Den som vert tilsett, må sjå verdien av eit godt og nært samarbeid med rektor på avd. Borga 5.-7.trinn, og utgjere eit felles leiarteam for Bergsøy skule.
Som leiar i ein ofte hektisk kvardag, må ein vere systematisk og strukturert, og vere trygg på digitale verktøy.
Vi tilbyr
Som leiar i sektor Oppvekst, får ein vere med i eit sterk og støttande leiarteam, med høve til læring og utvikling. Det er system og kultur for eit godt tverrfagleg miljø i Herøy kommune, med lav terskel for støtte frå andre fagmiljø ved behov.
Tilsettinga er på dei vilkår som kjem fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Sølvi Lillebø Remøy, Kommunalsjef oppvekst, 95764125
Arbeidsstad
Lisjebøvegen 23
6091 Fosnavåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Herøy kommune
Referansenr.:4190465039
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.03.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Herøy kommune, Sektor for oppvekst
Adresse
Lisjebøvegen 23, 6091 Fosnavåg
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 650 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 7. mars 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4190465039_Herøy kommune, Sektor for oppvekst_webcruiter
Stillingsnummer: 56e7a5a1-3404-45e7-acf4-99759429bba8