Miljøterapeut 100 % engasjement ved Valderøy barneskule - Oppvekst
Stillingsannonsen er inaktiv.Giske kommune
Giske
Valderøy barneskule er ein ny skule med 435 elevar og 70 tilsette. Skulen satsar sterkt på digitale verktøy i opplæringa.
Frå 01.08.2018 - 31.07.2020 blir det ledig 100 % engasjementstilling som miljøterapeut. Teiknspråkkompetanse er ein fordel, men søkjarar utan vil også bli vurderte.
Menn blir oppmoda om å søkje.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er godt skikka for stillinga vektlagt.
Den som blir tilsett må levere politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal skannast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og tilrettelegging for barn med fysiske og psykiske utfordringar
- Rettleiing av andre tilsette
- Kartlegging
- Vere koordinator for einskilde elevar
Kvalifikasjonar
- Utdanning som vernepleiar, sosionom eller banevernspedagog, men andre med relevant utdanning og erfaring kan også søkje.
- Teiknspråkkompetanse er ønskjeleg.
- Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid.
- Gjerne med relevant tilleggsutdanning.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- God digital kompetanse.
- Framandspråklege søkjarar må beherske godt både norsk skriftleg og munnleg.
Personlege Eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar og tillit.
- Evne til sjølvstendig arbeid, men også samarbeid med andre.
- Engasjement og løysingsvilje.
Vi tilbyr
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Terje Andrè Austnes, einingsleiar/rektor, (+47) 90787060
Arbeidsstad
Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Giske kommune
Ref. nr.:4030481081
Stillingsbrøk: 100%
Heltid, Engasjement
Startdato: 01.08.2019
Sluttdato: 31.07.2020
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 03.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4030481081&company_id=3203199427&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Giske kommune
Adresse
6050 Valderøya
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.
Om stillingen
Stillingstittel
Miljøterapeut (vernepleier)
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 4. mars 2019
Hentet fra: Overført fra arbeidsgiver
Referanse: 9989877
Stillingsnummer: 567ad5d3-8bdd-4c79-aeac-031666ebad43