Rådgjevar/ seniorrådgjevar – jordbruk
Om stillinga
Vil du jobbe med forvaltning av tradisjonelt jordbruk; grasproduksjon, klimatilpassing, ureining av vatn og luft, nydyrking, jordbruksvegar og liknande agrotekniske problemstillingar?
Frå 1. august har vi ledig fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar ved kontorstad Førde.
Statsforvaltaren skal gjennomføre den nasjonale landbrukspolitikken ved hjelp av informasjon, tilskots- og regelforvaltning og kontroll. Vi skal vere eit kompetansesenter for kommunane, og saman med fylkeskommunen bidra til å auke verdiskapinga i landbruket.
Statsforvaltaren har til saman seks fagavdelingar med ei brei oppgåveportefølje. Landbruksavdelinga vert leia frå Førde og har 31 tilsette, hovudsakleg i Førde og Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Krav til grasproduksjon på eng og beite
- Ureining frå husdyrgjødsel og pressaft
- Klimagassar og klimatilpassing i jordbruket
- Regelverk for nydyrking, jordbruksvegar og massehandtering
- Driftsteknikk og hydroteknikk i jordbruket
- Avlingsskade grunna klima
Kvalifikasjonar
- Høgare jordbruksfagleg utdanning, eller tilsvarande, helst på masternivå
- Det vil vere ein fordel med innsikt og erfaring frå praktisk jordbruksdrift
- Gode kunnskapar om databasert ressurskartlegging og IT
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og effektivt
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- ein arbeidsplass i utvikling
- eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
- medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
- fleksibel arbeidstid
Vilkår:
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/ 1364 seniorrådgjevar, frå kr 500 000 – 610 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet er IA-verksemd, og vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.
Dei første seks månadane er prøvetid.
Tenestemålet er nynorsk.
Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.
Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.
- Nærare opplysningar om stillinga får du av: Landbruksdirektør Christian Rekkedal, tlf. 99 69 23 02
- Assisterande landbruksdirektør Bjørn Harald Haugsvær, tlf. 48 00 73 75
Om bedriften
Om Statsforvaltaren i Vestland
Statsforvaltaren er statens representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Statsforvaltaren skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styresmakter.
Statsforvaltaren i Vestland har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde - med hovudsete i Leikanger.