Fast 100% stilling som avdelingsleiar i bu- og miljøtenesta
Tenesteining for bu- og miljø vart oppretta i 2018, og har ansvar for omsorg og oppfølging til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenester som heildøgnsomsorg, BPA, avlastning, støttekontaktteneste, omsorgsstønad er lagt til eininga, i tillegg til ansvar for å bygge opp aktivitetstilbod til målgruppa. Eininga har drift i to bufelleskap med tilsaman 16 årsverk, og 9 årsverk i BPA-ordningar.
Som ein del av oppbygginga av eininga, etablerer me no ei 100 % stilling for avdelingsleiar. Avdelingsleiar vil jobbe tett med tenesteleiar om oppgåvene. Du vil ha ansvar for dagleg drift i bufelleskapa, inkludert personal- og turnusansvar. Avdelingsleiar vil ha arbeidsgjevaransvar for tilsette i BPA-ordningane, og følgje opp arbeidsleiarane i deira driftsoppgåver. Bu- og miljøtenesta har høgt fokus på fagutvikling og jobbar aktivt for å sikre fagleg kvalitet og gode tenester for våre tenestemottakarar. Du vil ta del i den vidare utviklinga av eininga, og vert ein del av leiarteamet, i lag med tenesteleiar og to faglege leiarar som går i turnus. Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga. Stillinga er ledig frå 1.09.2020.
Arbeidsoppgåver
Ansvar for dagleg drift i eininga, personal- og turnusansvar
Tilrettelegge og koordinere i BPA ordningane
Sakshandsaming
Internkontroll
Samhandling med andre tenesteytarar
Utviklingsoppgåver
Kvalifikasjonar
Det er krav om:
Relevant helse/ sosialfagleg utdanning på høgskulenivå
Vidareutdanning innan leiing og administrasjon, eller vere villig til å ta slik utdanning
Leiarerfaring er sterkt ynskjeleg
Kjennskap til lovverk om tvang og makt
Gode datakunnskapar og kjennskap til turnusarbeid
Personlege eigenskapar
Me ynskjer ein person som er tydeleg og har evne til å leia andre
Gode kommunikasjonsevner er særs viktig
Ryddigheit og kunne arbeide effektivt er viktige eigenskapar i eit hektisk miljø
Me legg vekt på ei løysingsorientert innstilling, evne til initiativ, samt evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Stillinga er administrativ, 37,5 t, på dagtid.
Det er eit ynskje at du har sertifikat.
Gyldig politiattest ved tilsetting.
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Om bedriften
Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me vil vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Me er snart 1800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, kultur, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting.