Tilkallingsvikarar i helse og omsorg
Org. nr: - Stillingsident: 4429801352 Presentasjon av stillingen:
Sektor helse og omsorg tilbyr innbyggjarane i Volda kommune ulike tenester. Vi har i perioder behov for nye tilkallingsvikarar. Vi treng både sjukepleiarar, fagarbeidarar, vernepleiarar, assistentar, miljøterapeutar og personar med sosialfagleg kompetanse. Vi har behov for motiverte og dyktige personar som liker å arbeide med menneske.
Inntak av nye vikarar vert gjort fortløpande ved dei seksjonane som har behov. Ver venleg å oppgi namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. Skriv gjerne også kva felt/ avdeling du er mest interessert i. Erfaring, kompetanse, referansar og personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing.
Dei ulike avdelingane som kan ha behov for vikarar:
- Institusjon (Volda omsorgssenter og Hornindal omsorgssenter)
- Heimetenester (Heimesjukepleia, heimehjelp, døgnbemanna omsorgsbustadar)
- Rus og psykisk helseteneste
- Bu og habilitering
Arbeidsoppgåver
Arbeidet består i helse- og omsorgsoppgaver til innbyggjarar i Volda kommune. Det vil vere ulike stillingsinstruksar ut frå kva avdeling og fagområde det gjeld.
Kvalifikasjonar
- Du må være over 18 år gammel.
- Du må kunne norsk språk meget godt både munnleg og skriftleg.
- Du må ha vanleg datakunnskap
- Du må ha gode evner i kommunikasjon og samarbeid
- Det er ein fordel med erfaring fra tilsvarende arbeid, men det er ikkje eit krav
- Faglærte, samt studentar innan relevante fagområder innan helse og sosialfag blir prioritert.
- I nokre seksjonar er det behov for førerkort klasse B for manuell gir. Ver venleg å oppgi dette i søknaden.
- Du må kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest og eigenerklæring for tuberkulose før oppstart i arbeid. For arbeid ved sjukeheim må ein også levere eigenerklæring for mrsa.
Personlege eigenskapar
- Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
- Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
- Liker utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
- Tar initiativ og ansvar
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Er strukturert og presis når det gjeld arbeidstid
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande tariff
- Sjølvstendig og variert arbeid
- Tilgang på elæringskurs frå Visma og NHI
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar institusjonsteneste, 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no
Astrid Dimmen, Avdelingsleiar heimetenester, 95770524, astrid.dimmen@volda.kommune.no
Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar bu og habilitering, 951 39 364, reidun.elisabeth.sandnes@volda.kommune.no
Elin Høydal Vatne, Avdelingsleiar rus og psykisk helseteneste, 915 55 970, elin.hoydal.vatne@volda.kommune.no
Arbeidssted
Barstadmarka 2
6100 Volda
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Volda kommune
Referansenr.:4429801352
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 01.10.2021
Søknadsfrist: 31.01.2022
Om bedriften
I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!