Miljøarbeidar/våken nattevakt
Org.nr.:920290922 Stillingsident: Heildøgnbemanna Presentasjon av stillingen :
Kort om stillinga
Vi har ledig 1 stilling som våken nattevakt i 26,06 % i turnus, arbeid kvar 3. helg. Stillinga er ei mellombels tilsetjng, inntil 1 år. Oppstart snarast. Nattevaktstillinga er knytt til Krossleitet på Lindås, som gjev tilbod til 7 personar.
Om Heildøgnbemanna
Avdelinga har tre omsorgsbustader pluss for mennesker med psykiske lidingar og ROP-lidingar. Avdelinga består vidare av ein institusjon for menneske med langvarige psykiske lidingar. Avdelinga har som mål å skape gode og trygge butilhøve, stabilitet og tilpassa tenester for den enkelte. Målet er å hjelpe enkeltmenneska til å leve eit mest mogleg sjølvstendig liv i eigen leiligheit, med tilpassa oppfølging.
Arbeidsoppgåver
- Du vil få ei viktig oppgåve med å skape gode og trygge tenester for bebuarane
- Tilsyn og naudsynte omsorgsoppgåver om natta
- Dokumentasjon av tenesteyting i journalsystem Profil
- Delta i kvalitetsutviklinga av tenesta, og bidra til at målsettingar innan tenesta vert nådd
Kompetanse
- Offentleg godkjent helsefagarbeidar
- Relevant arbeidserfaring
- Trygg i møte med mennesker
- God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne
Vi tilbyr
- Sjølvstendig arbeid i godt arbeidsmiljø
- Rettleiing
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- God pensjonsordning
Politiattest
I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Marita Årseth, Mobil +47 47459711, Epost: marita.aarseth@alver.kommune.no
Om bedriften
Psykisk helse- og rustenesta i Alver kommune gir tenester til menneske med psykiske helse- og/eller rusproblem. Tenestene vert gitt som individuell oppfølging, gruppetilbod, oppfølging i bustad, heildøgnsbemanna butilbod og ulike arbeids- og aktivitetstilbod. Inn under psykisk helse- og rus tenesta finn ein også kommunepsykolog.