Sjukepleiar 61% stilling på natt - Pleie- og omsorgstenesta
Luranetunet "Varme og Vekst i Samspel"
Nye Luranetunet vart opna i november 2017 og rommar 2 korttidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar, dagsenter, ressurssenter, base for heimetenester og serviceavdelingar. Vi har og ein ny og flott innebygt tropehage på 1300 m2 kor temperaturen er behageleg heile året. Her føregår det diverse aktivitetar både på dag og kveldstid og det er ein god stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette. Sjå heimesida vår for meir informasjon: oskommune.no eller Luranetunet sin facebook side.
Vi har ledig 61 % fast stilling på natt på vaktlag 3
På vaktlag 3 er det 4 nattevakter fordel på 3 avdelinger med tilsaman 58 pasientar.
Har du lyst til å jobbe på natt med gode kollegaer er dette stillinga for deg. Dersom du ønskjer ein anna stillingsbrøk kan du skriva det i søknaden.
Nattevaktane på Luranetunet går i arbeidslag som består av to, tre eller fire nattevaktar. Det er fem arbeidslag på natt og dei består av sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Med fleire vaktlag har du alltid ein annan sjukepleiar du kan ha dialog med dersom du treng det. I tillegg har heimebasert omsorg to sjukepleiarar på natt med base på Luranetunet. Vi har god teknologi der ein enkelt kan kontakte kollega i eit anna nattevaktslag.
Arbeidsstad
Pleie- og omsorgstenesta, Luranetunet v/nattevaktslag 3
Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga
- Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
- Delta i utarbeiding av gode system og rutinar på natt
- Dokumentera helsehjelp i Profil
- Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eiga fagområde
- Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
- Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Du er løysningsfokusert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er roleg og trygg
- Det er ønskjeleg at du har erfaring og kompetanse innan demens
- Utdanning frå utlandet må vera NOKUT godkjent
- Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått "Bergenstesten" (test i norsk- høgare nivå)
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Tillegg i årsløn for natt: kr. 30.000,-
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Vi ser fram til å høyra frå deg !
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med Personalavdelinga.
Om bedriften
I januar 2020 blir kommunane Os og Fusa slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen vil ha om lag 25 000 innbyggarar og vere i sterk vekst. Vi vil legge til rette for gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og - ikkje minst - gjere det vi seier.