Sykkylven vgs - Assistent 80% - 2.ggs. utlysing
Vi søker etter
Assistent i 80% stilling
Stillinga er mellombels i tre år
Vi søker deg som
- er sterk og i god fysisk form
- er strukturert, tydelig og har stort tolmod
- har god relasjonskompetanse
- har relevant IKT-kompetanse
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter tariff
Om skulen
Sykkylven vidaregåande skule er ein kombinert skule med om lag 250 elevar med utdanningsprogram innan studiespesialisering, elektro og datateknologi, helse og oppvekstfag og teknologi og industrifag.
For meir informasjon gå inn på www.sykkylven.vgs.no
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Politiattest
Den som blir tilsett må levere politiattest.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.