Tilkallingsvikarar, Kinn kulturskule - avdeling Måløy
Org. nr: 820 956 532 Stillingsident: 4186641990 Presentasjon av stillingen:
Lyst på ein artig ekstrajobb -- ettermiddag og/eller kveld?
Arbeidsoppgåver
Kinn kulturskule -- avdeling Måløy, søkjer tilkallingsvikarar.
Er du ein trygg og utadvent vaksen som kan forklare ting enkelt til born og unge? Kan du i tillegg spele eit instrument, synge eller driv med noko innafor det visuelle? Då vil kulturskulen gjerne ha deg som tilkallingsvikar.
Per i dag består Kinn kulturskule - avdeling Måløy av omlag 170 elevplassar. Kulturskulen legg kulturskulerådets rammeplan til grunn for undervisninga.
Vi tilbyr
Undervisning på nytt skulebygg i sambruk med Vågsøy ungdomsskole.
Gode moglegheiter til å forme og prege innhaldet i undervisninga.
Løn og stillingskode etter gjeldande tariffavtale.
Gode pensjons- og velferdsordningar.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Det er ønskjeleg med referanse.
Vi behandlar søknadane løpande . Ta kontakt for meir informasjon.
Den som blir tilsett må legge fram politiattest av ny dato.
Kontaktinformasjon
Arne Sunnarvik, Tenesteleiar kulturskulen, 41107681
Hildegunn Vederhus, Avdelingsleiar Kinn kulturskule - avdeling Måløy, 977 13 315, hildegunn.vederhus@kinn.kommune.no
Arbeidsstad
Gate 5 nr 96
6700 Måløy
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kinn kommune
Referansenr.:4186641990
Stillingsprosent: 10%
Vikar
Startdato: 03.02.2020
Søknadsfrist: 19.06.2020
Om bedriften
Kinn kommune blir den åttande største kommunen i nye Vestland fylke med våre 17.500 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi 1600 tilsette og eit mål om "tidenes kompetanseløft". Kinn er ein kommune med delt kommunesenter. Det betyr at vi har lik fordeling av toppleiarstillingar mellom Måløy og Florø.